Stine Oftedal Dahmke () er ein norsk handballspelar frå Nittedal som perioden 2017-24 spelte for ungarske Győri ETO. I åra frå 2011 til 2024 var ho med på å vinne eitt OL-gull, tre VM-gull og fire EM-gull, to VM-sølv, EM-sølv og to OL-bronsar med Noregs landslag. Dahmke deltok i 269 landskampar og skåra 757 mål.

Karriere Klubbspel Oftedal Dahmke var i yngre år medlem i Nit-Hak Håndballklubb. Sesongen 2007/08 spelte ho på Fjellhammer IL, deretter var ho spelesjef (playmaker) i Stabæk IF i fem år. Sidan var aktiv i franske Issy Paris i tida 2013-17. Frå sommaren 2017 var ho ein sentral spelar for det ungarske topplaget Győri ETO som i 2018, 2019 og 2024 sigra i EHF-meisterligaen.

Landslagsspel mini|venstre|Stine Oftedal Dahmke i norsk landslagsdrakt i 2015. Sommaren 2009 var Oftedal Dahmke med på vinne junior-VM i handball, ein prestasjon ho og Noreg gjentok eitt år seinare. Hausten 2010 fekk ho sin landslagdebut mot Island den 26. november. I desember 2011 deltok ho på det norske laget som vann handball-VM 2011. Også ved handball-EM 2012, der det vart finaletap mot Montenegro etter ekstraomgangar, var ho med i den norske troppen.

Frå og med handball-EM 2014 har Oftedal Dahmke vore sentral i angrepsspelet til det norske landslaget som midtre rykkrom-spelar, der samspelet med særleg Nora Mørk har vore viktig for norske triumfar ved EM 2014, VM 2015 og EM 2016, og siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2016. Sidan handball-VM 2015 har ho vore Noregs kaptein i meisterskapsturneringane.

mini|venstre|Oftedal Dahmke i Issy Paris-drakt i 2014.

Merittar landslag VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike

Privatliv Stine Oftedal Dahmke har studert ved Handelshøyskolen BI i Oslo. Ho er storesystera til Hanna Oftedal Sagosen og Herman Bredal Oftedal, begge handballspelarar.

Ho gifta seg i 2024 med den tyske handballspelaren Rune Dahmke.

Kjelder

Landskampar Denne artikkelen bygger på «Stine Oftedal» frå , den 18. desember 2016.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Nittedal