Double Trouble er det 29. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3787 i juni 1967. Innspelinga fann stad i Radio Recorders og i MGM Studios i Hollywood i California, den 28. til 30. juni 1966. Albumet nådde 47. plassen på Billboard 200.
Innhald Presley hadde vanlegvis insistert på å arbeide i komfortable, vanlege lydstudio, og hadde unngått dei store, lydtette filmstudioa. Sjefane i MGM som ønskte å halde budsjettet lågt, insisterte på å flytte filmmusikkinnspelinga nettopp til eit slikt studio.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 221. Ein frustrert Presley gjekk med på dette, men dropen rann over då han måtte syngje «Old MacDonald», og han storma ut av studio i sinne etter å ha gjort ferdig ein særs kort master-innspeling av «Long Legged Girl (with the Short Dress On).» Denne songen vart gjeven ut på singel seint i april, før filmen hadde premiere. Singelen nådde berre 63. plassen på Billboard Hot 100.
Etter det entusiastiske gospelalbumet How Great Thou Art som vart spelt inn månaden før i Nashville, gjekk Presley her attende til å kverne ut plater og filmar som raskt gjekk i gløymeboka.Jorgensen, op. cit., s. 222. Sjølv utgjevingsdatoen for Double Trouble var uheldig - same dagen som The Beatles gav ut landemerket Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, og same dagen som David Bowie gav ut debutalbumet sitt.
Det vart spelt inn ni songar for filmen og dei vart berre i alt 17 minuttar og 11 sekund, altfor kort for eit vanleg album. For å auke speletida vart det lagt til tre sognar frå innspeligna til eit «tapt album» i mai 1963, slik at lengda på albumet kom like over tjue minuttar.Jorgensen, op. cit., s. 179. To songar vart alt gjevne ut som b-sider til singlar, «Never Ending», som var B-sida til eit fire år gammalt albumspor, «Such a Night» og «Blue River» som var B-sida til det åtte år gamle sporet «Tell Me Why."Jorgensen, op. cit., s. 75. «It Won't Be Long» vart spelt inn for filmen, men ikkje nytta.
I 2004 vart Double Trouble gjeven ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.Kjelder:
Medverkande Elvis Presley − vokal The Jordanaires − korvokal Richard Noel − trombone Boots Randolph − saksofon Butch Parker, Mike Henderson − saksofon («City by Night») Pete Drake − pedal steel gitar Scotty Moore − elektrisk gitar Tiny Timbrell − akustisk gitar Mike Deasy − elektrisk gitar («City by Night») Charlie McCoy − munnspel Floyd Cramer − piano Bob Moore − kontrabass Jerry Scheff − bassgitar («City by Night») D.J. Fontana, Buddy Harman − trommer Toxey Sewell − trommer («City by Night»)
Innhald Originalutgåve
Follow That Dream-utgåva Spor 1-12 er originalalbumet
Lister Album ÅrListerPlassering1967Billboard Pop Albums47
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Double Trouble (Elvis Presley album)» frå , den 6. desember 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff LPM-3787 Double Trouble på The Elvis Presley Record Research Database
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1967 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Jeff Alexander