Eduard Antonovitsj Matusevitsj () er ein kviterussisk tidlegare skeiseløpar frå Minsk som representerte Sovjetunionen. Han vart europameister i 1965.

Matusevitsj debuterte internasjonalt med ein niandeplass ved EM 1962. To år seinare vart han nummer fire i verdsmeisterskapen i Helsinki, og kom på sjetteplass på 1500 meter under Vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Vinteren 1965 vann Matusevitsj europameisterskapen i Göteborg, etter ein drabeleg strid mot norske Per Ivar Moe. Etter sjetteplassar i både EM og VM 1966, kleiv han opp på sigerspallen då det lett amputerte Lahti-EM 1967 var over. Han kom på bronseplassen, nederlandske Kees Verkerk var i ei klasse for seg, og Matusevitsj sin eigen lagkamerat Valerij Kaplan vart nummer to.

Ved EM 1968 på Bislett stadion i Oslo tok Martusevitsj steget opp på sølvplassen, etter han kilte seg inn på resultalista mellom europameisteren Fred Anton Maier og Magne Thomassen, begge frå arrangørlandet Noreg. Under Vinter-OL 1968 i Grenoble enda han som åttandemann på spesialdistansen 1500 m. Han la opp ved sesongslutt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eduard Matoesevitsj» frå , den 24. november 2016.

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968