Berbiske språk (tamazight: tutlayin timaziɣin, skreve med tifinagh: ⵜⵓⵜⵍⴰⵢⵉⵏ ⵜⵉⵎⴰⵣⵉⵖⵉⵏ, fransk: langues berbères) er ei språkgruppe som høyrer inn under afroasiatiske språk. Dei ymse tamazightiske språka vert tala over heile Maghreb, frå Kanariøyane (no utd.) i vest, til Egypt i aust og Burkina Faso i sør.

I Europa vart ordet «berbar» ofte nytta.Språkrådet har vedteke at det skal heite berbar på nynorsk, med adjektivet berbisk. Dette ordet stammar frå det greske ordet bárbaroi βάρβαροι, som opphavleg tydde utlending som tala eit uskjøneleg språk, men som etter kvart kom til å tyda ein ukulturert og/eller ukunnig person. Under romersk okkupasjon av Nord-Afrika vart ordet bárbaroi latinisert, til barbari. Då arabarane innvaderte Magreb, arabiserte dei ordet til al-barbar البربر, noko som franskmennene igjen galloiserte til berbères då dei okkuperte området.

Det er om lag 20–30 ulike språk i denne gruppa (litt etter korleis ein reknar), som for det meste ikkje er innbyrdes forståelege.

Klassifisering av berbiske språk mini|Utbreiinga til dei berbiske språka. Mørkeblå: tamasheq. Lyseblå: tashlhit. Mørk purpur: tamazight. Gul: tarifit. Oransje: Sahara-tamazightisk (znaga, tumzabt, tasiwit). Lys purpur: haqbaylit (chenoua). Raud: taqbaylit. Grøn: tashawit. mini|Tamazightisk- og arabiskspråklege område i dei nordaustlege delane av Algerie. Å klassifisere dei individuelle tamazightiske språka er ikkje lett, noko som har gjeve seg utslag i at klassifiseringa har variert ein god del det siste hundreåret. For tida verkar det som det er rimeleg semje om følgjande klassifisering: Nordlege tamazightiske språk Kabylsk (Taqbaylit) Marokkanske Atlas-tamazightiske språk Zenatisk Nefusa-Siwa-språk (austlege) Siwisk Awjila-Soknaiske språk Ghadames-Awjila-språk Tuareg-språk Zenaga-språk

Fotnotar

Kategori:Tamazightiske språk