mini|Vener i høgre armhole sett frå framsida Djupe vener (vena profunda) er vener som sit djupt i kroppen, til skilnad frå overflatiske vener, som ligg nærare kroppsyta.
Djupe vener ligg mest alltid attåt pulsårer med same namn, slik som med femoralvenen og femoralarterien. Storparten av det venøse blodet sirkulerer i djupe vener. Okklusjon (tilstopping) i djupe vener kan vere livstrugande, og skuldast vanlegvis trombose. Slik trombotisk okklusjon i djupe vener blir kalla djup venetrombose.
Kirurgiske inngrep i djupe vener er ofte krevjande på grunn av lokaliteten.
Djupe vener Hovud og hals Vena jugularis interna
Overekstremiteten Vena brachialis Vena axillaris Vena subclavia (kragebeinsvenen)
Underekstremiteten Vena femoralis (femoralvenen) Vena profunda femoris Vena poplitea Vena fibularis Vena tibialis anterior Vena tibialis posterior
Sjå òg overflatisk vene vena comitans venepleksus
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Deep vein» frå , den 24. november 2016.
Kategori:Vener