Kappverdestormsvale (Hydrobates jabejabe) er ein mellomstor medlem av stormsvalefamilien som lever i Aust-Atlanteren rundt Kapp Verde.
Skildring Kappverdestormsvala er 18,5 til 20,5 centimeter i kroppslengd. Ho er svært mørk, men oversida av hovudet og dekkfjørene på vengene er litt bleikare med bruntone. Elles er alt nær svart bortsett frå overgumpen som er kvit, og det kvite feltet strekker seg ned mot undersida. Nebbet er relativt langt, halen har rett bakkant eller berre umerkeleg 'hakk' mot midten.
Denne arten kan skiljast frå andre Oceanodroma-stormsvaler på lætet og på molekylære data. Dei er endemiske for Kapp Verde og kjente hekkeplassar er på øyane Cima, Branco og Raso. Dei beitar i eit nokså avgrensa område i austlege Atlanterhavet grovt rekna mellom 4 og 26 grader nord. Storleiken på populasjonen var estimert til ca. 1000 hekkande par i 1994-1995.
Kappverdestormsvala vart tidlegare rekna som same arten som passatstormsvale. Rundt 2009 blei både kappverdestormsvale og asorstormsvale, O. monteirei, splitta ut. Kappverdestormsvale er òg lista i eit vedlegg til ein artikkel om namneendringar på fugleartar hos Norsk Ornitologisk Forening i 2014.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stormsvalefamilien