Hiroyasu Shimizu () er ein japansk tidlegare skeiseløpar frå Obihiro. Han vart olympisk meister på 500 meter under Vinter-OL 1998 i Nagano og sette fire verdsrekordar på spesialdistansen i tida 1996-2001, sist med 34,32 sekundar.
Aktiv Shimizu vart nummer tre i sprint-VM 1993. Både i 1995 og 1996 tok han steget opp på andreplassen i same meisterskapen, høvesvis Kim Yun-man frå Sør-Korea og russiske Sergej Klevtsjenja var for sterke. Den 2. mars 1996 sette han verdsrekord på 500 m med tida 35,39 i Calgary.
I vinterleikane 1998 på japansk heimebane vann Shimizu OL-gull på 500 m og tok bronsemedaljen på 1000 meter. Ein månad etter OL i Nagano forbetra han med klappskøyter sin eigen verdsrekord på 500 m til 35,36, før han to dagar seinare smelte til med fabelaktige 34,82 sekundar på same arenaen.
Shimizu vart tredjemann i sprint-VM 1999 og i 2000. Under sprint-VM 2001 fekk han si tredje sølvmedalje då han plasserte seg mellom kanadiarane Mike Ireland og Jeremy Wotherspoon. 10. mars 2001 sette han sin fjerde verdsrekord på 500 m då han vart klokka inn til 34,32 sekundar på den komande OL-arenaen i Salt Lake City. Året etter var han tilbake same bana, der han gjekk inn til sølv på spesialdistansen, slått med 0,03 sekund av Casey FitzRandolph frå USA.
Alle åra 1996-2001 gjekk Shimizu inn til siger på 500-meteren i VM i enkeltløp, bortsett frå i 1997. Omframt dei fem gullmedaljane tok han tre sølv- og to bronsemedaljar på ulike 500- og 1000-metrar i VM enkeltløp i tida fram til 2005. Han la opp etter 2006-sesongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hiroyasu Shimizu» frå , den 19. november 2016.
Kategori:Japanske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Japan Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Japan Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Japan Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten