Constance Elaine Trimmer Willis () er ein amerikansk science fiction- og fantasy-forfattar kjend under namnet Connie Willis. Ho har vunne elleve Hugo-prisar og sju Nebula-prisar for særskilde verk — fleire høgthengande prisar enn nokon anna forfattar. I 2009 blei ho teken inni Science Fiction Hall of Fame, og i 2011 blei ho utnemnd til SFWA Grand Master av Science Fiction Writers of America.
Fleire av verka hennar tek for seg tidsreiser utført av historiestudentar ved Universitetet i Oxford i framtida. Denne såkalla Time Travel-serien omfattar novella «Fire Watch» (1982), romanane Doomsday Book og To Say Nothing of the Dog (1992 og 1998) og den todelte romanen Blackout/All Clear (2010). Alle fire vann Hugoprisen og alle bortsett frå To Say Nothing of the Dog vann også Nebulaprisen.
Bakgrunn Willis blei fødd i Denver i Colorado. Ho studerte engelsk og pedagogikk ved Colorado State College (no University of Northern Colorado) som ho gjekk ut frå i 1967. Ho gifta seg med Courtney Willis, som ei tid var fysikkprofessor ved University of Northern Colorado, og busette seg i Greeley i Colorado. Dei har ei dotter, Cordelia.
Willis arbeidde først som lærar. Ho gav ut si første novelle, «The Secret of Santa Titicaca», i bladet Worlds of Fantasy vinteren 1970 (desember). Minst sju noveller følgde (1978–81) før debutromanen Water Witch, som ho skreiv med Cynthia Felice og gav ut på Ace Books i 1982. Same året fekk ho eit stipend frå National Endowment for the Arts og slutta som lærar for å skriva på heiltid."Connie Willis: The Facts of Death", Locus, January 2003, p. 7.
Bibliografi (utval) Water Witch (1982), med Cynthia Felice Lincoln's Dreams (1987) Light Raid (1989) Doomsday Book (1992) Impossible Things (1993) Uncharted Territory (1994) Remake (1994) Bellwether (1996) Promised Land (1997), med Cynthia Felice To Say Nothing of the Dog (1997) Passage (2001)
mini|Connie Willis på Worldcon 2005 i Glasgow Prisar og utmerkingar Hugoprisen Vann Fire Watch : langnovelle : 1983 The Last of the Winnebagos : kortroman : 1989 Doomsday Book : roman : 1993 Even the Queen : novelle : 1993 Death on the Nile : novelle : 1994 The Soul Selects Her Own Society: Invasion and Repulsion: A Chronological Reinterpretation of Two of Emily Dickinson's Poems: A Wellsian Perspective : novelle : 1997 To Say Nothing of the Dog : roman : 1999 The Winds of Marble Arch : novelle : 2000 Inside Job : kortroman : 2006 All Seated on the Ground :roman : 2008
Nomineringar Daisy, In the Sun : novelle : 1980 The Sidon in the Mirror : langnovelle : 1984 Blued Moon : langnovelle : 1985 Spice Pogrom : kortroman : 1987 At the Rialto : langnovelle : 1990 Time-Out : kortroman : 1990 Cibola : novelle : 1991 In the Late Cretaceous : novelle : 1992 Jack : kortroman : 1992 Miracle : langnovelle : 1992 Remake : roman : 1996 Passage : novelle : 2002 Just Like the Ones We Used to Know : kortroman: 2004
Nebulaprisen Vann Fire Watch : langnovelle : 1983 A Letter from the Clearys : novelle : 1983 The Last of the Winnebagos : kortroman : 1988 At the Rialto : langnovelle : 1990 Doomsday Book : roman : 1993 Even the Queen : novelle : 1993
Nomineringar The Sidon in the Mirror : langnovelle : 1984 Schwarzschild Radius : langnovelle : 1988 Jack : novella : 1992 Death on the Nile : langnovelle : 1994 Bellwether : roman : 1998 To Say Nothing of the Dog : roman : 1999 Passage : roman : 2002 Just Like the Ones We Used to Know : kortroman : 2005
Locusprisen Vann Doomsday Book: roman: 1993 To Say Nothing of the Dog: roman: 1999 Passage: roman: 2001
Nominering Lincoln's Dreams: roman : 1988
Arthur C. Clarke–prisen Nomineringar Doomsday Book: roman : 1993 Passage: roman : 2001
World Fantasy Awards Nomineringar Chance : novella : 1987 The Winds of Marble Arch : kortroman : 2000
John W. Campbellprisen for beste roman Vann Lincoln's Dreams: 1988
Britiske Science Fiction Association sin pris Nominering Doomsday Book: roman : 1993
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Connie Willis» frå , og «Connie Willis» frå den 17. november 2016.
Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:science fiction-forfattarar Kategori:Nebulaprisen Kategori:Forfattarar frå Colorado