Falko Zandstra () er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Heerenveen. Han vart europameister på heimebane både i 1992 og 1993, i 1993 vart han også verdsmeister på Hamar.

Zandstra meisterskapsdebuterte med siger i EM 1992 i heimbyen Heerenveen. Under Vinter-OL i Albertville tok han sølvmedaljen på 5000 meter, slått med vel to sekundar av vinnaren Geir Karlstad. På tampen av OL-sesongen kom han på andreplass etter Johann Olav Koss då firkamp-VM 1992 vart avvikla i Calgary. I 1993 vann Zandstra både EM og VM i firkamp, begge gongane framfor nemnde Koss.

OL-sesongen 1994 kom Zandstra på tredjeplass både i EM på Hamar, og på 1500 m under dei olympiske leikane på Lillehammer. Sidan vart han nummer to i EM 1995 og nummer tre i EM 1997, begge meisterskapane fann stad i heimbyen Heerenveen.

Han la opp etter 1998-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Falko Zandstra» frå , den 5. november 2016.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten