«Milky White Way» er ein gospelsong skriven av Landers Coleman, som var songar i ein kvartett. Songen selde over ein million eksemplar i 1947 då CBS Trumpeteers, ein svart kvartett frå Baltimore, spelte inn songen. Seint i 1940-åra hadde CBS Trumpeteers eit populært morgonshow på radio og «Milky White Way» var kjenningsmelodien deira. Elvis Presley spelte inn ein versjon av songen i slutten av oktober 1960 og gav han ut på albumet His Hand in Mine.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Milky White Way» frå , den 1. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar frå 1947