Erling Fredriksfryd {() var ein norsk skulemann og politikar frå Idd i Østfold. Han representerte partiet Høgre på Stortinget frå 1945 til 1965.
Bondeguten Fredriksfryd vart student i 1924 og tok eksamen ved lærarskule to år seinare. Han underviste så ved Horten folkeskole til 1933, samstundes med at han var journalist i avisa Gjengangeren frå 1926 til 1930. I 1933 fekk han seg lærarstilling i Halden og flytta dit.
Fredriksfryd vart i 1945 vald inn i bystyret i Halden og same hausten vald til å representere kjøpstadene i Østfold og Akershus fylke på Stortinget. Med fire påfølgjande attval vart han verande på Stortinget fram til 1965, frå 1954 vald inn frå valkrinsen Østfold. Høgre-representanten Fredriksfryd var den fyrste fireårsperioden, 1945-49, sekretær i Kyrkje- og skulekomiteen. Deretter var han i to periodar medlem i Militærkomiteen, før han i tida 1958-65 var formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Han var elles sekretær i Odelstinget tolv sesjonar, 1950-61.
Etter han gjekk ut av Stortinget hausten 1965 var Fredriksfryd skuledirektør i Østfold fram til 1975.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Østfold og Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Folk frå Halden