«Are You Lonesome Tonight?» er ein song skriven av Roy Turk og Lou Handman i 1926. Han vart spelt inn fleire gonger i 1927, først av Charles Hart, og så med suksessrike versjonar av Vaughn De Leath, Henry Burr og ein duett med Jerry Macy og John Ryan. I 1950 nådde Blue Barron Orchestra sin versjon topp 20 på magasinet Billboard Pop Singles-lista.
I april 1960, etter den to år lange militærtenesta si, spelte Elvis Presley inn songen etter eit forslag frå manageren Colonel Tom Parker. «Are You Lonesome Tonight?» vart favorittsongen til kona til Parker, Marie Mott. Utgjevinga vart utsett av sjefane i RCA Records, som meinte songen ikkje passa inn med den nye stilen til Presley. Då «Are You Lonesome Tonight?» kom ut i november 1960 vart han ein umiddelbar suksess i USA og toppa Billboard Pop Singles-lista og nådde tredjeplassen på R&B-lista. Ein månad etter songen kom ut toppa han òg UK Singles Chart i Storbritannia. Presley sin versjon selde til gullplate i 1961 og hadde i 1992 seld til dobbet platinaplate i 1992.
«Are You Lonesome Tonight?» vart seinare spelt inn av mange andre artistar, som Donny Osmond og Merle Haggard som nådde høvesvis topp 20 på pop- og ccountrylista. Billboard rangerte «Are You Lonesome Tonight?» på 81. plassen på lista si over dei beste songane gjennom tidene i 2008.
Komposisjon og tidlege versjonar Songen vart skriven i 1926 av varieté-artistane Lou Handman og Roy Turk med tre vers, etterfølgd av eit talt mellomspel. Dei baserte mellomspelet på ei linje i Ruggero Leoncavallo sin Pagliacci, og «You know someone said that the world's a stage. And each must play a part» referer til «All the world's a stage» frå William Shakespeare-verket As You Like It. Denne resitasjonen er trykt på innsida av baksida av det originale notearket frå 1927, og vert sungen på innspelinga av Stanley Kirby i 1928, Al Jolson si innspeling i 1949 og Blue Barron i 1950 (US top 20 hit). Billboard rapporterte i 1960 at dei hadde oppdaga at songen var skriven av låtskrivaren og varietépianisten Dave Dreyer.
Fleire versjonar av «Are You Lonesome Tonight?» vart spelt inn i 1927. Den første av Charles Hart vart spelt inn 9. mai og gjeven ut på Harmony Records (431-H) som B-side av «Sweet Marie». Den 13. juni spelte Vaughn De Leath inn songen som B-sida av «It's a Million to One You're in Love» for Edison Records (Ed-52044). De Leath hadde den første versjonen av songen, som nådde fjerdeplassen i november. Den 10. juli 1927 spelte Newport Society Orchestra inn songen med Irving Kaufman som vokalist. Han kom ut på Harmony Records (511-H) med «I'm Walkin' On Air». Ein versjon i ein duett med Jerry Macy og John Ryan kom ut på Okeh Records (Ok-40866) som B-sida til «Carolina Mine». Henry Burr-versjonen nådde tiandeplassen, og Little Jack Little fekk ein hti med songen for Columbia Records. Carter Family spelte inn songen i 1936, og endra fleire element frå originalversjonen. Sjølv om Gene Austin inkluderte songen på showa sine i 1930-åra, spelte han aldri inn songen.
I mars 1950 gav The Blue Barron Orchestra ut «Are You Lonesome Tonight?» med «Penny Wise and Love Foolish» på B-sida. Denne singelen nådde 19. plassen på Billboard Top Pop Singles-lista. I april gav Don Cornell ut ein versjon utan det talte mellomspelet som B-sida av singelen hans på RCA Victor, med B-sida «Stay With the Happy People». Billboard kalla det ein: «draumeaktig vals ... som får ei effektiv handsaming (på innspelinga)». asert på stemmer sende til Billboard, fekk songen 78 poeng av platepratarar, 78 frå plateforhandlarar, 79 frå jukeboxoperatørar og 78 poeng totalt,, på ein skala som gjekk til 100. Han vart derfor rangert som «God». Al Jolson spelte inn ein versjon med eit talt mellomspel den 28. april 1950, i Los Angeles. Gordon Jenkins dirigerte orkesteret. Med «No Sad Songs For Me» på B-sida vart han gjeven ut på Decca Records i juni. I 1959 gav Jaye P. Morgan ut songen på MGM Records, med «Miss You» på B-side, og versjonen hennar nådde 65. plassen på Billboard Pop Singles-lista.
Elvis Presley-versjonen
Då Elvis Presley var på sitt mest populære i 1957, vart han kalla inn i militæret og 24. mars 1958 drog han til rekruttskulen. Han kom attende til USA 2. mars 1960. Den første innspelinga hans etter han kom attende var planlagt for 20. mars. Under utveljinga av songar som skulle spelast inn meinte manageren til Presley, Colonel Tom Parker, at han skulle spele inn «Are You Lonesome Tonight?». Dette var favaorittsongen til kona til Parker, Marie Mott, og dette var første og einaste gongen manageren føreslo ein song for songaren. Mott kjende songen frå showa til Gene Austin, sidan han ein gong hadde ektemannen hennar som manager. Presley gjekk inn i studio med bandet sitt, som bestod av Scotty Moore, trommeslagaren D.J. Fontana, pianisten Floyd Cramer, gitaristen Hank Garland, bassisten Bobby Moore, perkusjonisten Buddy Harman og The Jordanaires, den 3. april.
Etter dei åtte songane Parker trengde for Elvis Is Back! var spelt inn, spelte Presley inn songen manageren hadde kom med ønske om. Dei byrja å spele inn «Are You Lonesome Tonight?», akkompagnert av akustisk gitar, trommer, bass og korvokal. Han bad alle om å forlate studioet, og bad Chet Atkins om å skru av lyset og framførte songen med det talte mellomspelet. Etter det andre opptaket sa Presley til produsenten Steve Sholes, «Berre kast den songen; eg klarar ikkje å syngje han så bra som han fortener». Sholes bad lydteknikaren Bill Porter om å ignorere det Presley sa og bad songaren om å gjere eit nytt opptak, og sa at The Jordanaires hadde dunka borti mikrofonen sin medan dei spelte inn songen i mørkret. Presly spelte inn songen ein gong til og det vart opptaket som vart nytta for singelen.
Utgjeving og mottaking «Are You Lonesome Tonight?» vart ikkje gjeven ut før etter fleire månader, fordi RCA-sjefane meinte at balladen ikkje passa inn med den nye stilen til Presley, men dei og Parker valde til slutt å gje ut songen likevel. Han kom ut 1. november 1960 med «I Gotta Know» på B-sida. Singelen vart send ut til 5 000 platepratarar. Det vart trykt 900 000 plater den første veka og 1,2 millionar den neste veka.
Songen debuterte på Billboard's Top 40 på 35. plassen den 14. november, og klatra veka etter til andreplassen og toppa så lista den 28. november. Dette vart den 15. singelen til Preslye som toppa listene, og låg på toppen av lista fram til 9. januar 1961. «Are You Lonesome Tonight?» nådde òg tredjeplassen på R&B-lista, og låg på lista i ti veker. Songen toppa Cash Box-lista og nådde 45. plassen på Cash Box country-lista. Ein månad etter han kom ut i Storbritannia, toppa han UK Singles Chart. Tre månader etter han kom ut hadde singelen seld 2 millionar eksemplar verda over, og fekk gullplate i USA.
Ei melding frå 7. november 1960 i Billboard omtalte versjonen som «varm og rørande». Seinare skreiv AllMusic at vokalen til Presley var særs bra og kalla «Are You Lonesome Tonight?» ein «var, sukkersøt ballade full av sjel og ei intens og intim kraft» som definerte «eit av dei mørkaste augneblinka til Presley».
Ettermæle Suksessen til «Are You Lonesome Tonight?» gjorde at songen ofte vart spelt på konsertane til Presley. Han framførte songen på scenen for første gongen 25. mars 1961, ein av fire konsertar Presley heldt før han byrja å konsentrere seg om filmkarrieren..
Presley kom attende til musikken for fullt i 1968 og framførte songen på comeback-sendinga hans Elvis og seinare dei første åra han spelte i Las Vegas. Ein versjon av songen, spelt inn 26. august, sa Presley feil under det talte mellomspelet og lo seg gjennom resten av partiet. Denne kom ut i 1980 som ein del av plateboksen Elvis Aaron Presley. I 1982 vart «Are You Lonesome Tonight?» ein radiohit i Storbritannia og nådde 25. plassen på den britiske singellista. Presley inkluderte songen i 1972 i dokumentarfilmen Elvis on Tour, og CBS-sendinga Elvis in Concert i 1977.
Den 27. mars 1992 hadde singelen seld til dobbelt platina. I 2008 vart songen kåra til den 81. beste songen på Billboard-lista gjennom tidene.
Seinare versjonar Frank Sinatra spelte inn «Are You Lonesome Tonight?» utan det talte mellomspelet i 1962 for albumet, All Alone, og The Lettermen inkluderte songen i 1964 på albumet She Cried. Pat Boone spelte ein versjon (òg utan det talte verset) i 1966 for albumet Memories. Doris Day spelte inn songen den 6. juni 1967, for The Love Album.
Den italienske songaren, Bobby Solo, spelte inn songen både på engelsk og italiensk i 1960. Den italienske versjonen vart kalla «Ti senti sola stasera?».
Donny Osmond sin versjon frå 1973 vart gjeven ut som B-sida til «When I Fall in Love». Merle Haggard sin versjon frå 1977 på albumet My Farewell to Elvis nådde 12. plassen på Billboard's Top Country Singles. Ein versjon frå 1983 av John Schneider nådde 53. plassen på Country Singles-lista. I 1989 framførte Sam Kinison ein versjon av songen på The Tonight Show, og erstatta det talte partiet med ein bitter tekst. Bryan Ferry sin versjon av «Are You Lonesome Tonight?» vart spelt inn for filmen Honeymoon in Vegas i 1992.
Lister ÅrArtistListerPlassering1927Vaughn De Leath Top selling records4Henry Burr Top selling records101950Blue Barron Orchestra Billboard Pop Singles191959Jaye P. MorganBillboard Pop Singles65 1960Elvis PresleyBillboard Pop Singles 1Billboard R&B-singlar 3Cash Box Singles 1Cash Box Country Singles 45UK Singles Chart 11974Donny Osmond Billboard Pop Singles 141977Merle HaggardBillboard Hot Country Singles 121982Elvis PresleyUK Singles Chart 251983John SchneiderBillboard Hot Country Singles 53
Versjonar av songen
Andre versjonar Ein tysk versjon omsett av Kurt Feltz er spelt inn av mange artistar. Denne versjonen heitte «Bist du einsam heut' Nacht». 1960: Wyn Hoop 1960: Peter Alexander 1962: Nicole Felixová 1966: Gerhard Wendland 1967: Bobby Solo 1970: Bata Illic 1971: Camillo Felgen 1972: Roy Black 1978: Heino 1983: AMIGA Studio Orchester 1985: Roland Kaiser 1989: Die Flippers 1991: Tom Astor Ein annan tysk versjon kalla «Lonesome in Light» vart omsett av Marie Reiners og framført av Dirk Bach i 1993. Ein finsk versjon omsett av Sauvo Puhtila og kalla «Jäitkö yksin sä nyt» vart framført av Timo Jämsen i 1961 og Jussi Salonen i 1985. Ein italiensk versjon omsett av Misselvia vart kalla «Ti senti sola stasera» og framført av 1965: Michele 1975: Orietta Berti 2003: Frank Michael Ein dansk versjon vart omsett av Bjarne Gren Jensen og kalla «Er du langsom i nat» og framført av Bamses Venner i 1976. To forskjellige versjonar på nederlandsk vart omsett av Nelly Byl og framført av Will Tura i 1981 og av André van Duin, som framførte songen sjølv i 1992. Begge versjonane vart kalla «Ben je eenzaam vannacht».
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Are You Lonesome Tonight? (song)» frå , den 20. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1926 Kategori:Singlar frå 1950 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar om einsemd Kategori:Songar med tekst av Roy Turk Kategori:RCA Victor-singlar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:Al Jolson-songar Kategori:Donny Osmond-songar Kategori:John Schneider-songar Kategori:Helen Shapiro-songar Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:Ray Conniff-songar Kategori:Merle Haggard-songar Kategori:Phil Ochs-songar Kategori:Don Gibson-songar Kategori:Carola Häggkvist-songar Kategori:Roger Whittaker-songar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Tiny Tim-songar Kategori:The Mavericks-songar Kategori:Anne Murray-songar Kategori:Chris Botti-songar Kategori:Christer Sjögren-songar Kategori:Barry Manilow-songar Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Amanda Lear-songar Kategori:The Carter Family-songar Kategori:Jackie Gleason-songar Kategori:Billy Vaughn-songar Kategori:Heino-songar