«Fever» er ein song skriven av Eddie Cooley og Otis Blackwell, under pseudonymet John Davenport. Han vart først spelt inn av den amerikanske R&B-songaren Little Willie John i 1956 og gjeve ut på singel i april det året. Songen nådde toppen av Billboard R&B Best Sellers-lista i USA og 24. plassen på Billboard Hot 100.Little Willie John, «Fever» chart positions. Henta 27. september 2016 Han fekk positiv omtale av musikkpressa og finst på fleire lister over dei beste songane som kom ut på den tida.

Songen er blitt spelt av mange andre artistar innan mange forskjellige sjangrar, mellom anna av Peggy Lee som har den mest kjende versjonen av «Fever» og som har blitt signaturlåten hennar. Lee-versjonen har ein noko omskriven tekst og eit litt annleis musikalsk arrangement. Han nådde topp 5 i Storbritannia og Australia i tillegg til topp 10 i USA og Nederland. «Fever» vart nominert i tre kategoriar under den første Grammyprisutdelinga i 1959, mellom anna for årets singel og årets song.

Andre kjende versjonar av «Fever» er gjort av Elvis Presley, The McCoys, La Lupe, Beyoncé og Madonna. Madonna gav ut songen på singel frå det femte albumet sitt, Erotica (1992) i mars 1993 gjennom Warner Bros. Singelen toppa listene i Finland og Hot Dance Club Songs i USA i tillegg til topp 50 i mange andre land.

Bakgrunn og mottaking Ideen til «Fever» vart presentert for Otis Blackwell av ein gammal ven, Eddie Cooley, som i 1956 hadde ein hit med songen «Priscilla». Blackwell sa: «Eddie Cooley var ein ven av meg frå New York og han ringde meg og sa 'Eg har ein ide til ein song kalla 'Fever', men eg klarar ikkje å skriven han ferdig'. Eg måtte skrive songen under eit anna namn, fordi eg på den tida framleis hadde kontrakt med Joe Davis.»Eddie Cooley at Black Cat Rockabilly Little Willie John mislikte visstnok songen, men vart overtalt til å spele han inn, den 1. mars 1956, hos King Records-eigaren Syd Nathan og arrangert og produsert av Henry Glover. «Fever» er ein soul- og rhythm and blues-song i moll med eit arrangement som består av ein låg saksofon spelt av Ray Felder og Rufus «Nose» Gore og ein jazzgitar av Bill Jennings. Vokalstilen til Willie John liknar på stønning og vert akkompagnert av knipsing. Bill Dahl frå nettsida AllMusic skreiv om ein kontrast mellom det «skumle» arrangementet i songen og vokalen og knipsinga som «letta stemninga noko».

«Fever» vart gjeven ut på singel i april 1956 som ei dobbel A-side med R&B-songen «Letter from My Darling». «Fever» nådde førsteplassen på Billboard R&B Best Sellers-lista i USA og låg der i tre veker frå 21. juli 1956. Han gjekk òg inn på poplista og nådde 24. plassen på Billboard Hot 100. Songen har seld ein million eksemplar i USA. I ei melding skreiv Robert Christgau at Willie John sin «Fever» var ein særs «heftig» song. Magasinet NME kåra «Fever» til den 96. beste songen frå 1950-åra. På lista si The 1001 Greatest Singles Ever Made i 1989, rangerte kritikaren Dave Marsh «Fever» på 109. plassen. Songen kom ut på samlealbuma Fever: The Best of Little Willie John (1993) og The Very Best of Little Willie John (2001).

Peggy Lee-versjonen

Bakgrunn og komposisjon I mai 1958 spelte Peggy Lee inn sin versjon av songen i Hollywood, med ein omskriven tekst av Lee sjølv. «Fever» kom ikkje med på Lee-albumet Things Are Swingin' då dette kom ut i 1959, men kom ut som eit bonusspor på ei nyutgjeving i 2004. Den omskrivne teksten til Lee inneheld historiske hendingar (der versa byrjar med «Romeo loved Juliet,» og «Captain Smith and Pocahontas») som i dag vert rekna som ein standarddel av songen, og som er blitt nytta i dei fleste innspelingane av «Fever».

Lee-versjonen, som truleg vart arrangert av ho sjølv (trass i at arrangøren offisielt var dirigenten Jack Marshall) var ein meir langsam versjon enn originalen,, og er blitt skildra å ha ei «sentimental bar»-stemning, berre akkompagnert av bass (spelt av Joe Mondragon) og minimalt med trommer (hovudsakleg spelt med fingrane av Shelly Manne), medan knipsinga vart gjort av anten songaren sjølv, Howard Roberts, som var gitaristen hennar, eller produsenten Dave Cavanaugh. Lee-utgåva vart vidare skildra som «glatt, uanstendig». Han vart skriven i a-moll med eit mellomraskt swingtempo på 135 slag i minuttet. Vokalen til Lee strekkjer seg frå G3 til H4.

Mottaking Ein skribent på nettsida NPR kalla «Fever» «den mest minneverdige melodien» til Lee og meinte han var «smygande og uetterlikneleg». Han skreiv òg at songen synte eigenskapar som òg skildra songaren – «den leikne leveringa, karismaen og seksualiteten».

Lee-versjonen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA og låg i alt 12 veker inne på lista. Han nådde femteplassen på UK Singles Chart der han først gjekk inn 15. august 1958. Ei nyutgjeving av singelen gjekk inn på den britiske lista igjen i 1992, då ei veke på 75. plassen. Andre stader i Euroap nådde Lee sin «Fever» åttandeplassen på den nederlandske singellista. Songen nådde òg andreplassen på den australske singellista og vart den 20. bestseljande singelen i landet i 1958.

Han vart nominert i kategoriane årets singel, årets song og årets beste kvinnelege song under den først Grammyprisutdelinga i 1959. Lee sin versjon av «Fever» vart signaturlåten og den mest kjende songen hennar. Han vart rangert på 100. plassen i boka 1001 Songs You Must Hear Before You Die av Robert Dimery. Joey Cohn rangerte songen som den tiande beste jazz-vokalsongen på ei liste over 50 songar på NPR.

Lister +OriginalversjonenLister (1958)PlasseringAustralia (Kent Music Report)2US Billboard Hot 1008US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)5 +NyutgjevingLister (1992)Plassering +ÅrslisterLister (1958)PlasseringAustralia (Kent Music Report)20US Billboard Hot 10076

Madonna-versjonen

I 1992 spelte den amerikanske songaren og låtskrivaren Madonna inn ein versjon av «Fever» for det femte studioalbumet sitt, Erotica. Ho var produsent på songen i lag med Shep Pettibone. Madonna var i studio og hadde nettopp spelt inn ein song kalla «Goodbye to Innocence». Ho var i ferd med å gjere songen ferdig då ho brått byrja å syngje teksten til «Fever» over «Goodbye to Innocence». Madonna likte måten det høyrdest ut og spelte dette inn. «Goodbye to Innocence» vrt aldri gjeve ut på eit Madonna-album, men kom ut på Just Say Roe, eit veldedig album, og ein dub-miks av denne kalla «Up Down Suite» var eit bonusspor på singelen «Rain». I september 2008 vart Madonna-versjonen av «Fever» nytta i marknadsføringa av femte sesongen av Desperate Housewives.

Sjølv om «Fever» aldri vart gjeven ut på singel i USA, vart han ein dance-hit, og vart den 15. songen til Madonna som nådde toppen av Billboard Hot Dance Club Play. Dette skjedde veka 15. mai 1993. I Storbritannia debterte songen på sjetteplassen på UK Singles Chart i veka 3. april 1993. Han nådde toppen av den finske singellista 15. april 1993. I Irland nådde songen sjetteplassen, og han nådde listene fleire stader i Europa.

Musikkvideoen til «Fever» vart regissert av Stéphane Sednaoui, og vart filma 10. og 11. april 1993 i Greenwich Studios i Miami, og vart send på MTV første gongen 11. mai det året. Han har sidan kome ut på DVD-samlinga The Video Collection 93:99.

Madonna framførte «Fever» og «Bad Girl» på Saturday Night Live i januar 1993. Madonna framførte òg «Fever» på turneen hennar i 1993, Girlie Show World Tour.

Lister +VekeslisterListe (1993)PlasseringAustralia (ARIA)51Finland (Suomen virallinen lista)1Italia (FIMI)12 +ÅrslisterListe (1993)PlasseringItalia (FIMI)67US Hot Dance Club Songs (Billboard)44

Beyoncé-versjonen

Den amerikanske songaren Beyoncé spelte inn ein versjon av «Fever». Originalinnspelinga hennar av songen vart nytta i filmen The Fighting Temptations i 2003, der ho òg spelte hovudrolla. Beyoncé-versjonen vart produsert av Damon Elliott og spelt inn medan ho arbeidde med innspelinga av filmen Austin Powers in Goldmember i 2002. Elliott føreslo at ho kunne spele inn «Fever» sidan det var ein av favorittsongane hans.

Beyoncé framførte «Fever» på The Tonight Show with Jay Leno den 17. september 2003 for å marknadsføre The Fighting Temptations. Ho spelte òg songen på den første soloturneen hennar, Dangerously in Love Tour, og songen kom i 2004 ut på konsertalbumet Live at Wembley, som vart filma under ein konsert i London. Beyoncé-versjonen kom ut på Speak My Mind i 2005.

Etter ho sleppte den første parfymen sin på marknaden, Heat, spelte Beyoncé inn ein ny versjon av «Fever» for å marknadsføre parfymen. Den nyinnspelte versjonen frå 2010 vart produsert av Chink Santana og Beyoncé sjølv. Han vart tilgjengeleg for digital nedlasting på iTunes Store i USA den 8. februar 2010. Dagen etter kom songen ut i Storbritannia.

Andre versjonar

Elvis Presley gav ut ein versjon som var nesten identisk Lee-versjonen to år seinare, i 1960 på albumet Elvis is Back. Den britiske songaren Helen Shapiro spelte inn ein powerhouse-versjon av «Fever» i 1964. Versjonen hennar nådde 38. plassen på UK Singles Chart i januar det året. The Kingsmen gav ut ein versjon på debutalbumet deira The Kingsmen In Person i 1964. Paul Revere & the Raiders spelte inn songen for albumet Here They Come! i 1965.http://www.allmusic.com/album/here-they-come!-mw0000079839 Seint i 1965 gav The McCoys ut ein versjon av songen «Fever», som hadde ein liknande rytme som den tidlegare hitten deira, «Hang On Sloopy». The McCoys-versjonen av «Fever» nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 og 34. plassen på Den tyske singellista. I 1967 gav James Brown ut ein versjon av songen for albumet Cold Sweat. Musikkritikaren Robert Christgau meinte at å ta med «Fever» på dette albumet «lukta litt rart». La Lupe spelte inn songen på albumet Queen of Latin Soul i 1968. Versjonen hennar vart kjend verda over og Elizabeth Bougerol skreiv for NBCNewYork.com at dette var ein av «dei beste versjonane nokon gong» av «Fever» og at det var ein sjølvskriven song på mange boogaloo-festar. I 1972 spelte Rita Coolidge inn «Fever» for albumet The Lady's Not for Sale og vart ein liten hit for ho. Versjonen hennar nådde 76. plassen på Billboard Hot 100. Suzi Quatro spelte sin versjon av «Fever» på Your Mamma Won't Like Me i 1975. Dave Thompson frå AllMusic kalla versjonen hennar «lunken». Boney M.-albumet Take the Heat Off Me frå 1976 inneheld ein versjon av songen. Madleen Kane gav ut ein versjon i 1978 som nådde 19. plassen på Canadian Dance Chart.. magasinet RPM.

Den indiske songaren Usha Uthup gav ut songen på albumet Usha In Nairobi i 1978. På debutalbumet Songs the Lord Taught Us i 1980, spelte The Cramps inn «Fever». Denne versjonen vart brukt i 2009 i komedien The Hangover. Under turneen deira i 1982 spelte den britiske gruppa The Jam songen i ein medley med sin eigen «Pity Poor Alfie» og Ray Charles sin «Hit the Road Jack». Ein studioversjon av dei to første i medleyen vart seinare gjeven ut i september 1982 som B-sida til singelen «The Bitterest Pill (I Ever Had to Swallow)». Amanda Lear sin versjon av «Fever» kom ut på singel i 1982. Ho song songen på fleire fjernsynsshow, som det tyske Ein Kessel Buntes og det italienske Premiatissima. Singelen selde derimot dårleg og gjekk ikkje inn på salslistene.

«Fever» er òg blitt spelt av Grateful Dead-gitarist Bob Weir. To av konsertalbuma til Wir, begge spelte inn seint i 1980-åra, inkluderte songen - Live (gjeve ut i 1998) og Fall 1989: The Long Island Sound (gjeve ut i 2013). Weir framfførte berre songen ein gong med Grateful Dead, den 13. september 1987 i Capital Centre i Landover i Maryland.

Ein versjon av songen med same musikk, men anna tekst, kalla «Pennant Fever», vart spelt inn av sju av spelarane på Chicago Cubs i 1969.Sullivan, Paul (27. juni 2016)