Teesside (utalt ) er eit storbyområde i Nordaust-England rundt den eldre byen Middlesbrough. Det omfattar også dei mindre byane Billingham, Redcar, Stockton-on-Tees, Thornaby og andre busetjingar rundt elva Tees. Frå 1968 til 1974 var det eit eige administrativt område, County Borough of Teesside. Teesside er framleis eit viktig tungindustriområde, sjølv om talet på tilsette i næringa har gått ned. Tidlegare industriar som stålproduksjon (British Steel) og kjemisk industri (Imperial Chemical Industries, ICI) har i stor grad forsvunne og til ein viss grad blitt erstatta av høgteknologi, vitskapsutvikling og servicenæringar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Teesside» frå , den 17. oktober 2016.

Bakgrunnsstoff BBC Tees

Kategori:County Durham Kategori:North Yorkshire * Kategori:Byområde i England