Ola Olsson Lykre () var ein norsk bonde i Skjåk.

Lykre kjøpte eit bruk på Ramstad i solsida i Skjåk, og dreiv dette i over femti år. Han var ein føregangsmann i landbruket i Ottadalen. Mellom anna stod han bak mange fesjå, noko som leidde til betre feavl. I 1921 gav han ut ei lita bok på skjåkmål; Lurtone frå fjelli.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Skjåk