«Poor Boy» er ein song av Elvis Presley. Songen var tilskriven Elvis Presley og Vera Matson, kona til Ken Darby, som i røynda skreiv songen, og vart publisert av Elvis Presley Music. Sonen vart nytta i filmen Love Me Tender og gjeve ut som ein EP på RCA Victor i 1956.
«Poor Boy» vart spelt inn 24. august 1956. Andre songar på EP-en var tittelsporet, «We're Gonna Move» og «Let Me». Singelen nådde 35. plassen på den amerikanske Billboard pop-lista i desember 1956 og låg på lista i alt 11 veker.Song artist 1 - Elvis Presley.Tsort.org.
I staden for eit heilt filmmusikkalbum med musikken frå Love Me Tender vart fire songar frå filmen gjevne ut på EP-en Love Me Tender i november 1956. EP-en vart sertifisert til platina av RIAA. EP-en nådde 10. plassen på Billboard EP-lista og 22. plassen på Billboard 200 albumlista. Han nådde niandeplassen på Top Pop Albums-lista med eit sal på over 600 000, i tillegg til 35. plassen på singellista. Dei fire songane på EP-en vart spelt inn i Fox-studioet Stage One i Hollywood, den 24. august 4. september og 1. oktober 1956.
Medverkande
Elvis Presley - vokal Vito Mumolo - akustisk gitar Luther Rountree - akustisk gitar (rytme) Dom Frontieri - trekkspel Mike «Myer» Rubin - kontrabass Richard Cornell - trommer Rad Robinson - korvokal Jon Dodson - korvokal Charles Prescott - korvokal
Andre versjonar Hillary Hawkins spelte inn ein versjon på singel, Paul Ansell spelte inn songen i 1999 og Carlos and The Bandidos spelte inn songen i 2003.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Poor Boy (1956 song)» frå , den 15. oktober 2016. oppgav desse kjeldene: Guralnick, Peter. Last Train to Memphis: The Rise of Elvis Presley. Little, Brown; 1994. ISBN 0-316-33225-9. Guralnick, Peter. Careless Love: The Unmaking of Elvis Presley. Back Bay Books; 1999. ISBN 0-316-33297-6. Guralnick, Peter; Jorgensen, Ernst. Elvis Day by Day: The Definitive Record of His Life and Music. Ballantine; 1999. ISBN 0-345-42089-6. Hopkins, Jerry. Elvis—The Biography. Plexus; 2007. ISBN 0-85965-391-9. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley—A Life in Music: The Complete Recording Sessions. St Martin's Press; 1998. ISBN 0-312-18572-3.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar skrivne av Elvis Presley Kategori:Songar frå 1956