right|thumb|Et trafikklys i Karl Johans gate i Oslo. Trafikklys er eit signalsystem innan trafikk som nytter lys i ulike fargar, symbol og i nokre høve tekst. Dei regulerer oppførselen til trafikantar ved å oppmoda ulike grupper av dei til å stoppa, gå eller køyra. Trafikklys over heile verda nytter grøn farge for å signalisera at ein kan passera det og raudt for at ein skal stoppa. Gult lys tyder som regel at lyset er i ferd med å endra seg, og kan ha ulike reglar knytt til seg i ulike land.

Ulike trafikklyssystem Ordinære trafikklys for bilistar og syklistar i Noreg mini|Standard signalveksling for trelyssignal i Noreg Radt lys: Den køyrande skal stoppa og venta på grønt lys. Raudt og gult lys: Lyset vil straks skifta til grønt. Grønt lys: Den kjørende kan fortsetja over krysset. Gult lys: Lyset vil straks skifta til raudt. Den køyrande skal stoppa, men viss køyretøyet er så nært krysset at ein stopp ikkje kan skje utan fare, kan han likevel køyra gjennom krysset.

Trafikklys for syklande

Ein del stader finst eigne trafikklys for syklar som viser ein raud eller grøn sykkel, gjerne i lag med eigne sykkelfelt. Syklistar følgjer elles trafikklysa for bilar. Dei blir rekna som fotgjengarar berre dersom dei leier sykkelen..Forskrift om kjørende og gående trafikk § 2

Trafikklys for fotgjengarar

Lyssignal for fotgjengarar kan ha ulik utforming, men viser ofte ein raud person som står stille og ein grøn person som går. Grønt lysande fotgjengarsymbol indikerer at annan trafikk venter på fotgjengarar som skal over vegen. Raudt lysende fotgjengarsymbol indikerer at fotgjengarar skal venta til lysindikatoren skifter til grønt. I Noreg er det lovleg å gå på raudt lys så lenge ein ikkje er til hinder for køyrande, og dette ikkje inneber fare.Skiltforskriften § 24 punkt 1086, Fotgjengersignal I mange andre land som Australia, Danmark, Tyskland og USA er det forbod mot å gå på raudt lys.

For kollektivtrafikk Kollektivfelt har eigne trafikklys. I Noreg består desse av kvite signal der «S» betyr stopp, «–» representerer fargen gult på eit vanleg trafikklys og «|» eller ei pil mot høgre eller venstre representerer fargen grøn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trafikklys» frå , den 11. oktober 2016.

Kategori:Symbol Kategori:Vegtransport