Ingvald Johannes Jaklin () var ein norsk pressemann og politikar frå Lyngen. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i perioden 1950-61.

Jaklin var son til ein fiskar, og var sjølv fiskar frå 1910 til 1918. Frå 1919 arbeidde han som journalist og forretningsførar i avisa Nordlys, til han i 1925 tok til på ei førtiårig karriere som redaktør i avisa. Han var redaktør i Nordlys i tida 1924-40 og på ny 1945-65. Under verdskrigen var han 1944-45 utskriven kaptein/informasjonsoffiser i det norske reservepolitiet i Sverige.

Jaklin hadde lokale verv i AUF og Arbeidarpartiet i mellomkrigstida. Han var medlem av Tromsø bystyre og formannskap frå 1926 til 1963, ordførar 1946-53. Frå 1922 til 1946 var han også medlem av skulestyret i Tromsø.

Perioden 1945-49 var Jaklin vararepresentant til Stortinget frå kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark. Han vart så vald til fast representant 1950-53 frå same bykrinsen, og seinare attvald to gongar, då frå valkrinsen Troms fylke. Dei to fyrste fireårsbolkane som tingmann sat han i Finans- og tollkomiteen og dei siste fire åra i Kommunalkomiteen, då han også var medlem av Lagtinget. Han var med i Arbeidarpartiet sitt landsstyre frå 1945 til 1953, og formann i Nord-Troms Arbeidarparti 1952-57.

Jaklin hadde ei rad styreverv. Han var formann i Tromsø lysverk 1932-40 og 1945-48, og styreformann i A/S Bardufoss kraftlag 1947-1966 og åra 1953-66 styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Tromsø. Og etter verdskrigen vart han utnemnd til medlem i Forsvarskommisjonen av 1946.

I Tromsø er Ingvald Jaklins plass kalla opp etter han, og i 1999 vart ei byste av han avduka i same byen.

Kjelder

Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Nordland, Troms og Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Ordførarar i Tromsø Kategori:Ap-ordførarar i Troms Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske journalistar Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Lyngen Kategori:Folk frå Tromsø