«Old Shep» er ein song skriven av Red Foley og Arthur Williams i 1933, om hunden Foley hadde som barn. I røynda var hunden, som vart forgifta av naboen, ein tysk gjetarhund kalla «Hoover.»Wolfe, Charles K. (2015). Kentucky Country: Folk and Country Music of Kentucky, University Press of Kentucky, s. 131.The Encyclopedia of Country Music, Oxford University Press, (2012), s. 166. Foley spelte først inn songen i 1935, og igjen i 1941 og 1946.
Andre versjonar Songen vart spelt inn av mange artistar, som Hank Snow og Elvis Presley, og vart ein countryklassikar.
Elvis Presley-sambandet Den 3. oktober 1945 song Elvis Presley «Old Shep» berre ti år gamal som den første offentlege framsyninga si, ein songkonkurranse kalla Mississippi-Alabama Fair and Dairy Show. Han var utkledd som ein cowboy og stod på ein stol for å nå opp til mikrofonen. Han kom på femteplassen og vann fem dollar og ein gratisbilett til tivoliet.. Seksten år gammal, i 1951, framførte han songen igjen for talentshowet i L.C. Humes High School, der han var student, og vann eit ekstranummer for framsyninga si.
Andre versjonar Ein versjon sungen av Clinton Ford gjekk inn på UK Singles Chart i oktober 1959, og låg ei veke på 27. plassen.
I den britiske situasjonskomedien Only Fools and Horses er «Old Shep» favorittsongen til Del Boy om ein hund.
Den columbinanske musikaren Marco spelte inn ein spansk versjon i 1986.
Led Zeppelin-songen «Bron-Y-Aur Stomp», som handlar om hunden til Robert Plant, nemner «Old Shep» i linja «When you're old and your eyes are dim / Ain't no Old Shep gonna happen again.»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Old Shep» frå , den 30. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1933 Kategori:Red Foley-songar Kategori:Hank Snow-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Walter Brennan-songar Kategori:Songar om dyr