«You've Got Another Thing Comin'» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Han vart gjeven ut i 1982 på albumet Screaming for Vengeance og same året på singel. I mai 2006 rangerte VH1 songen på femteplassen på lista si over dei 40 beste metal-songane gjennom tidene."VH1 40 Greatest Metal Songs", 1–4 May 2006, VH1 Channel, reported by VH1.com ; henta 19. september 2016. Det vart ein av signaturlåtane til Judas Priet og i lag med «Electric Eye» og «Breaking the Law» faste nummer på konsertane deira. «You've Got Another Thing Comin» vart først framført på opningskonserten under the Vengeance-turneen i Stabler Center i Bethlehem i Pennsylvania, den 26. august 1982 og har blitt spelt kring 673 gonger i alt til og med Epitaph-turneen i 2012.

Songen nådde 67. plassen på Billboard Hot 100 den einaste Judas Priest-singelen som gjekk inn på singellista i USA.

«You've Got Another Thing Comin'» nådd òg 66. plassen i Storbritannia. På den amerikanske Billboard rock-lista nådde songen fjerdeplassen.

Mottaking Wayne Parry i Associated Press kalla han i lag med «Hell Bent for Leather» og «Living After Midnight» ein av «standardane som andre metal-songane vart målt opp mot». Greg Prato i AllMusic skreiv at songen vart det store gjennombrotet til Judas Priest i USA.

I andre media Songen er nytta i fleire videospel, som til dømes Prey; i Grand Theft Auto: Vice City's, Rock Band og Guitar Hero.

Songen er blitt nytta i komediefilmen Bad Teacher frå 2011. Songen er òg nytta i ein episode av Californication.

Medverkande Rob Halford – vokal Glenn Tipton – sologitar K.K. Downing – rytmegitar Ian Hill – bass Dave Holland – trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «You've Got Another Thing Comin'» frå , den 19. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Songar skrivne av Rob Halford Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple