Lyngdal kyrkje vart bygd i 1848 etter teikningar av Gabriel Kielland basert på typeteikningar av H.D.F. Linstow. Det er ei krosskyrkje med 800 sitjeplassar. Kyrkja ligg ved fylkesveg 43 i Lyngdal kommune, strategisk plassert midt mellom elvene Lygna og Litleåna.
Om lag ti meter nord for kyrkja stod tidlegare ei eldre kyrkje frå mellomalderen av stein og tre.Knudsen (1998), s. 22–29. Denne kyrkja vart riven i 1847. I området finn ein òg ei rekkje gravhaugar som ein trur stammar frå eldre jarnalder og vikingtid.Knudsen (1998), s. 117–119.
Nordaust for kyrkja står eit gravkapell med ei altartavle måla av Terje Grøstad i 1964.Knudsen (1998), s. 130.
Kyrkja er prostikyrkje i Lister prosti i Agder og Telemark bispedømme.
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Lyngdal kirke i Arkitekturguide Vest-Agder
Lyngdal kyrkjelege fellesråd Oldtidsmiljøet ved Lyngdal kirke – Fylkesarkeolog Frans-Arne Stylegar.
Kategori:Kyrkjer i Lyngdal Kategori:Kulturminne i Lyngdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1848 Kategori:Kyrkjer i Lister og Mandal prosti Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme