Glenn Raymond Tipton () er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend som ein av sologitaristane i heavy metal-bandet Judas Priest. Han er kjend for den komplekse spelestilen og soloane som er inspirerte av klassisk musikk.
mini|venstre|160px|Glenn Tipton i 1984 Tipton lærte seg først å spele gitar då han var 19 år gammal og det første bandet hans var Shave Em' Dry, som vart Merlin og så Flying Hat Band. I mai 1974 kom Tipton med i Judas Priest, under innspelinga for Rocka Rolla. Tipton har vore med i Judas Priest sidan den gongen.
Utmerkingar og tilvisingar Han vart rangert på 19. plassen på lista til rockemagasinet Hit Parader over dei 100 beste metal-gitaristane. Han vart rangert på 28. plassen på lista til Gigwise over dei 50 beste gitaristane. Han vart rangert på niandeplassen på lista til MusicRadar over dei 20 beste metal-gitaristane gjennom tidenen. Han vart rangert på 25. plassen på lista til Joel Mclver over dei 100 beste metal-gitaristane. Sun Kil Moon gav ut ein song kalla «Glenn Tipton» på albumet Ghosts of the Great Highway. I det populære videospelet Guitar Hero II, er det ein spelbar karakter kalla Izzy Sparks, som har klede som liknar dei Glenn Tipton nytta under Screaming for Vengeance-turneen i 1983. Kerry King i Slayer har sagt at Tipton er ein av dei mest undervurderte gitaristane i verda og at Tipton var ein av dei første inspirasjonskjeldene hans. Dave Mustaine: «Glenn Tipton er min gitarhelt. Eg kjøpte til og med ein Fedora-hatt fordi eg såg Glenn Tipton med ein sånn i Sad Wings of Destiny-tida. Men eg såg ikkje like kul ut som han.»
Diskografi
Solo Baptizm of Fire (1997) Edge of the World (2006)
Judas Priest Sjå Judas Priest for den komplette lista over Judas Priest-album. Tipton spelte gitar på alle albuma deira.
Som gjesteartist Gjestemusikar i 1995 på albumet Foma av post-grunge-bandet The Nixons. Songen «Spirit of America» av Samantha Fox. Glenn spelte inn gitar for videospelet Brütal Legend.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glenn Tipton» frå , den 10. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Engelske heavy metal-gitaristar Kategori:Judas Priest-medlemmar Kategori:Sologitaristar Kategori:Engelske rockegitaristar