Dilsjod Nazarov () er ein sleggjekastar frå Dusjanbe i Tadsjikistan. Han vart olympisk meister i øvinga under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro, og tok dermed Tadjikistans fyrste olympiske gullmedalje. Året før vann han sølvmedaljen i sleggjekast ved VM i friidrett 2015 i Beijing. Nazarov presterte livsbeste 80,62 meter då han vart andremann ved eit stemne i Ostrava 16. juni 2014.

Aktiv I mai 2009 sette Nazarov nasjonal rekord i sleggjekasting då han nådde 79,28 meter i Uberlândia i Brasil. Den 10. november same året vart han asiameister i Guangzhou med eit bestekast som målte 76,92 m. Han forbetra sin eigen landsrekord til 80,11 m i Dushanbe 18. juni 2010. 13. september 2011 landa sleggja på 80,30 m ved IAAF-finalen i Zagreb, eit sigerskast som seinare vart underkjent, grunna retesta dopingprøver.

Nazarrovs lengste godkjende sleggjekast kom i Ostrava 16. juni 2014, der han fekk notert 80,62 meter. Året før vart han i tyske Halle an der Saale målt til 80,71 m, ein prestasjon som seinare var stroken. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing kneip han sølvmedaljen framom polske Wojciech Nowicki, begge kasa sleggja 78,55 m, men Nazaraov hadde beste nestebestekastet. 19. august 2016 tok han Tadsjikistans fyrste olympiske gullmedalje. Med eit kast på 78,68 meter viste han Ivan Tsikhan og Wojciech Nowicki til sølv- og bronseplass. Nazarov sigra elles i sleggjekast ved asialeikane 2014 og 2018 og i asiameisterskapen 2015, 2017 og 2019.

Doping Straks før VM i friidrett 2019 vart Nazarov suspendert i to år. I mars 2021 vedtok eit organ oppretta av det internasjonale friidrettsforbundet å stryke Nazarov sine resultat frå 29. august 2011 og to år framover grunna bruk av steroidet turinabol. Dermed strauk ein han frå sigerslista ved asiameisterskapen 2013.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: - VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (73,38 m=nr 15) VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (71,70 m=nr 21) OL 2008 i Beijing: Nr 11 – 76,54 m VM 2009 i Berlin: Nr 11 – 71,69 m VM 2011 i Daegu: Diskvalifisert frå ein 10. plass OL 2012 i London: Diskvalifisert frå ein 10. plass VM 2013 i Moskva: Diskvalifisert frå ein 5. plass VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 78,55 m, bakom Paweł Fajdek (80,88 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje 78,68 m, framom Ivan Tsikhan (77,79 m) VM 2017 i London: Nr 7 – 77,22 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dilshod Nazarov» frå , den 6. september 2016.

World Athletics

Kategori:Tadsjikiske idrettsutøvarar Kategori:Sleggekastarar Kategori:Olympiske meistrar for Tadsjikistan Kategori:Olympiske meistrar i sleggekast Kategori:Tadsjikiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Tadsjikiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tadsjikiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Tadsjikiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016