Derek Drouin () er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sarnia i Ontario som vart verdsmeister 2015 og olympiameister 2016 i høgdehopp.
Aktiv Drouin vart kanadisk meister i høgdehopp i 2010. Han deltok i Sommar-OL 2012, der han var ein av tre bronsevinnarar i høgdetevlinga. I 2013 forbetra han den kanadiske rekorden til 2,36 m i Eugene i delstaten Oregon, og la under friidretts-VM 2013 i Moskva på til 2,38 meter, noko som gav han bronsemedaljen i ei tevling med sjeldan sterke prestasjonar.
Den 25. april 2014 flytta Drouin til 2,40 m i eit stemne i Des Moines i delstaten Iowa. Under VM i friidrett 2015 i Beijing lukkast han sikre seg gullmedaljen i høgdehopp, då etter at dei tre gjenverande utøvararane hadde rive tre gongar på 2,36 m, lukkast Drouin som den einaste å ta seg over 2,34 m i fyrste forsøk. Ved dei olympiske sommarleikane 2016 svinga Drouin seg over 2,38 m og vann ein ny gullmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Sølvmedalje – 2,29 m VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 2,38 m VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 2,34 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 2,38 m, framom Mutaz Essa Barshim (2,36 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Derek Drouin» frå , den 3. september 2016.
World Athletics
Kategori:Canadiske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015