«Out of the Silent Planet» er ein song av Iron Maiden frå albumet Brave New World, gjeven ut som singel i 2000.

Oversyn Singelen inneheld to konsertopptak frå Ed Hunter-turneen i 1999, med gitaristen Adrian Smith og vokalisten Bruce Dickinson, i tillegg til ein musikkvideo for «Out of the Silent Planet». Singelomslaget vart laga av Mark Wilkinson. I følgje intervju med bandmedlemmane vart songen i hovudsak inspirert av science fiction-filmen Forbidden Planet. I tillegg var namnet «Out Of The Silent Planet» ein referanse til C.S. Lewis-romanen med same namn frå 1938.

Trass i at songen var ein av berre to singlar frå albumet, vart han ikkje spelt på dei fleste av konsertane etter albumet kom ut, berre på nokre få ekstranummer i Sør-Amerika.

Gitarsoloen i songen vert spelt av Janick Gers.

Musikkvideoen består av opptak av bandet frå den europeiske delen av Brave New World Tour.

Innhald CD-versjonar

«Out of the Silent Planet» (Edited Version) (Janick Gers, Steve Harris, Bruce Dickinson) – 4:10 «Wasted Years» (live - Filaforum, Milano i Italia, 23. september 1999) (Adrian Smith) – 5:07 «Aces High» (live - Plaza Del Toros, Madrid i Spania, 26. september 1999) (Harris) – 5:24 «Out of the Silent Planet» (video) (Gers, Harris, Dickinson) – 4:10

12" biletdisk

A1 - «Out of the Silent Planet» (Edited Version) (Gers, Harris, Dickinson) – 4:10 B1 - «Wasted Years» (live - Filaforum, Milano i Italia, 23. september 1999) (Smith) – 5:07 B2 - «Aces High» (live - Plaza Del Toros, Madrid i Spania, 26. september 1999) (Harris) – 5:24

7" raud vinyl

A - «Out of the Silent Planet» (Edited Version) (Gers, Harris, Dickinson) B - «Aces High» (live) (Harris)

Medverkande Henta frå singelomslaget Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – rytmegitar Janick Gers – sologitar, Adrian Smith – rytmegitar, korvokal («Wasted Years») Steve Harris – bassgitar, medprodusent («Out of the Silent Planet») Nicko McBrain – trommer Produksjon Kevin Shirley – produsent, miksing George Marino – mastering («Out of the Silent Planet») Doug Hall – miksing («Wasted Years», «Aces High») Simon Heyworth – mastering («Wasted Years», «Aces High») Mark Wilkinson – illustrasjon på omslaget Hugh Gilmour – innpakking Ross Halfin – fotografi

Lister Liste (2000)PlasseringUK Singles (The Official Charts Company)20

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Out of the Silent Planet (song)» frå , den 2. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 2000 Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Songar skrivne av Bruce Dickinson Kategori:Songar skrivne av Janick Gers Kategori:Songar frå 2000 Kategori:EMI Records-singlar