«The Evil That Men Do» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det er den 17. singelen bandet gav ut og den andre frå albumet Seventh Son of a Seventh Son (1988). Singelen debuterte på sjetteplassen på den britiske singellista og nådde femteplassen. B-sidene til singelen er nyinnspelingar av «Prowler» og «Charlotte the Harlot» som finst på debutalbumet Iron Maiden.
Tittelen på songen er henta frå William Shakespeare-skodespelet Julius Caesar, der Marcus Antonius talar etter mordet på Cæsar (Akt 3, scene 2, «The Forum»): «The evil that men do lives after them; The good is oft interred with their bones.» Bruce Dickinson seier stundom dette før han spelar songen, men i motsett rekkefølgje (som på Rock in Rio).
Gitarsoloen i «The Evil That Men Do» vart spelt av Adrian Smith, medan gitarsoloen på «Prowler '88» vert spelt av Dave Murray. På «Charlotte the Harlot '88», vert den første gitarsoloen spelt av Dave Murray og den andre av Adrian Smith.
Musikkvideoen vart filma i The Forum i Inglewood i Californai under Seventh Tour of a Seventh Tour i 1988.
Innhald «The Evil That Men Do» (Smith, Dickinson, Harris) – 4:33 «Prowler '88» (Harris) – 4:06 «Charlotte the Harlot '88» (Dave Murray) – 4:11
Andre versjonar Songen vart spelt på hyllestalbumet Numbers from the Beast med Chris Jericho på vokal, Paul Gilbert og Bob Kulick på gitar, Mike Inez på bass, og Brent Fitz på trommer. Det symfoniske metal-bandet After Forever spelte songen på EPen Exordium. Ein versjon av det finske heavy metal-bandet Conquest, med Marco Hietala frå Nightwish på vokal finst på hyllestalbumet Slave to the Power: The Iron Maiden Tribute Det kvinnelege bandet The Iron Maidens spelte songen i 2008 på EPen The Root of All Evil. Det svenske black metal-bandet Naglfar spelte songen på albumet Vittra. Det finske progressive metal-bandet Warmen spelte songen på debutalbumet «Unknown Soldier» kkalla «The Evil That Warmen Do». Hellsongs spelte songen på albumet Pieces of Heaven, a Glimpse of Hell. Det akustiske hyllestbandet Maiden uniteD spelte ein akustisk versjon av songen i 2012 på albumet Across the Seventh Sea med Apocalyptica-cellisten Perttu Kivilaakso. Bandet Krylja frå Ukraina spelte songen som «То зло, что мы творим». Ein versjon av det tyske power metal-bandet Powerwolf finst på luksusutgåva av albumet Blessed & Possessed i 2015. Det engelske horror punk-bandet Creeper spelte ein piano-basert versjon av songen på hyllestalbumet Maiden Heaven Volume 2, for Kerrang! i juni 2016.
Medverkande Henta frå singelomslaget. Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – sologitar Steve Harris – bassgitar Nicko McBrain – trommer Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing Derek Riggs – illustrasjon Ross Halfin – fotografi
Lister Singel Liste (1988) Plassering Album «The Evil That Men Do» Den nederlandske singellista 23 Seventh Son of a Seventh Son Irish Singles Chart 4 VG-lista i Noreg 7 UK Singles Chart 5 Singel Liste (1990) Plassering Album «Can I Play with Madness / The Evil That Men Do»UK Albums ChartNyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart. 10 —
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Evil That Men Do (song)» frå , den 29. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Songar skrivne av Adrian Smith Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Songar skrivne av Bruce Dickinson Kategori:Songar frå 1988 Kategori:EMI Records-singlar