Olga Petrovna Bondarenko, fødd Krentser () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Slavgorod i Russland som representerte Sovjetunionen på langdistansane. Ho vart europameister 1986 på 3 000 m og olympisk meister 1988 på 10 000 meter.
Aktiv Olga Krentser sette allereie 7. august 1981 verdsrekord på 10000 m med tida 32.30,8, på ein distanse der Det internasjonale friidrettforbundet (IAAF) ikkje hadde byrja registrere rekordar. Den 24. juni 1984 sette ho derimot den fyrste offisielle verdsrekorden i øvinga då ho i Kiev, som Olga Bondarenko kom ho i mål på tida 31.13,78.
I 1985-sesongen sette Bondarenko personleg rekord på 5 000 m med tida 14.55,7. Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vann ho 3 000 m på personleg rekord 8.33,9. To dagar seinare tok ho sølvmedaljen på 10 000 m på personleg rekordtid 30.57,2, norske Ingrid Kristiansen vann løpet klart. Året etter enda Bondarenko på fjerdeplass i milløpet då VM fann stad i Roma.
Under Sommer-OL 1988 i Seoul vann Bondarenko gullmedaljen i det fyrste olympiske 10 000- meterløpet for kvinner, tre sekundar framom britiske Liz McColgan.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Gull på 3000 m - 8.33,9, framom Maricica Puică (8.35,9), og sølv på 10000 m - 30.57,2, bakom Ingrid Kristiansen (30.23,2) VM 1987 i Roma: Nr 4 på 10000 m - 31.18,3 OL 1988 i Seoul: Gullmedalje på 10000 m - 31.05,2, framom Liz McColgan (31.08,4)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Olga Bondarenko» frå , den 28. august 2016.
World Athletics
Kategori:Russiske langdistanseløparar Kategori:Sovjetiske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992