Jevgenija Ivanovna Setsjenova () var ein friidrettsutøvar frå Sevastopol som representerte Sovjetunionen. Ho vann to gullmedaljar og like mange sølv- og bronsemedaljar i europameisterskap i friidrett.

Aktiv Setsjenova vann både 100 meter og 200 m under EM i friidrett 1946 i Oslo. I begge tevlingane kom britiske Winifred Jordan på andreplass, høvesvis tre og to hundredels sekund bak. Setsjenova avslutta meistersskapen med å springe den fyrste etappen på Sovjetunionen sitt bronselag i 4 x 100 m stafett.

Også under EM i friidrett 1950 i Brussel vann Setsjenova ein bronsemedalje på den korte stafetten. På dei individuelle sprintdistansane måtte ho sjå seg slått av Fanny Blankers-Koen som var i ei klasse heilt for seg, seks og åtte tidels sekund framom sølvvinnar Setsjenova på høvesvis 100 m og 200 m.

Setsjenova deltok i Sommar-OL 1952. Ho vart slått ut or semifinalane på 200 m, tida 25,2 tilsvarte ein tiandeplass, og ho vart nummer fire med Sovjetunionen i 4 x 100 m stafett.

Setsjenova vart sovjetmeister på 100 m i 1940, 1946-47 og 1949-50. Ho vann det nasjonale gullet på 200 i 1939-40, 1944 og 1949. Setsjenova sette begge sine personlege rekordar, 11,8 på 100 m og 24,7 på 200 m, i 1951-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jewgenija Iwanowna Setschenowa» frå , den 26. august 2016.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952