«Aces High» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, skriven av bassisten i bandet, Steve Harris. Han var den ellevte singelen til bandey og den andre frå studioalbumet Powerslave (1984).
Den første B-sida til singelen var ein versjon av Nektar-songen «King of Twilight» frå albumet A Tab in the Ocean frå 1972. Versjonen deira er i røynda ein medley av songane «Crying in the Dark» og «King of Twilight», dei to siste songane på albumet. Den japanske 12"-singelen vart miksa med B-sidene frå singlane «The Trooper» og «2 Minutes To Midnight».
Oversyn Teksten i songen er skriven ut frå synspunktet til ein britisk RAF-pilot som kjempar mot tyske Luftwaffe under Battle of Britain i 1940.92 Squadron - Geoffrey Wellum, RAF website
«Aces High» er ein av dei mest populære songane til Iron Maiden, og har blitt spelt av mange andre artistar. Songen vart nytta i videospelet Madden NFL 10, MTV-showet Nitro Circus og Steve Peat-delen av mountain bike-filmen New World Disorder III. Colin McKay nytta songen i sin del av skate-videoen Plan B Questionable. Songen finst òg i videospelet Carmageddon II: Carpocalypse Now.
Konsertversjonar «Aces High» vert ofte spelt som opningssongen på konsertane til Iron Maiden. Dette kan ein mellom anna sjå i videoane Live After Death og Iron Maiden: Flight 666. Songen kjem ofte like etter Winston Churchill-talen «We shall fight on the beaches» med lyden av fly i bakgrunnen. Churchill-talen vart òg nytta i byrjinga av musikkvideoen til songen.
I eit intervju i 2014 med magasinet Q sa Gerard Way at «konsertversjonen av 'Aces High' frå Live After Death var songen som førsst fekk han interessert i å spele live.»Q #341, December 2014, p48
Innhald 7"-singel
12"-singel
Japansk og brasiliansk 12"-singel
Medverkande Frå singelomslaget. Iron Maiden Bruce Dickinson - vokal Dave Murray - gitar Adrian Smith - gitar Steve Harris - bassgitar Nicko McBrain - trommer Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar Derek Riggs – illustrasjon
Andre versjonar Ein versjon spelt inn somaren 1996 av Arch Enemy kom ut på hyllestalbumet Made In Tribute. Han vart spelt i 2005 av Jeff Scott Soto (Yngwie Malmsteen), Nuno Bettencourt (Extreme), Billy Sheehan (Mr. Big, Niacin), og Vinny Appice (Black Sabbath, Dio) på hyllestalbummet Numbers from the Beast.Numbers From The Beast Last.FM entry Han vart spelt i 2005 av Scott Lavender på albumet The Piano Tribute to Iron Maiden.Scott Lavender - Aces High Last.FM entry Han vart spelt i 2006 av Concord Dawn (med State of Mind) på albumet Chaos by Design.Concord Dawn - Aces High Diskografi Han vart spelt i 2006 av The Iron Maidens på albumet The Iron MaidensThe Iron Maidens Last.FM entry Han vart spelt i 2008 av Children of Bodom på albumet Skeletons in the Closet.Children of Bodom - Aces High Last.FM entry Han vart spelt i 2011 av Reinxeed på albumet 1912 Han vart spelt i 2013 av Thomas Zwijsen på albumet Nylon Maiden
Lister Singel Liste (1984) Plassering Album «Aces High» Irish Singles Chart 29Powerslave UK Singles Chart 20 Singel Liste (1990) Plassering Album «2 Minutes to Midnight / Aces High» UK Albums ChartNyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart. 11—
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aces High (song)» frå , den 24. august 2016.
Bakgrunnsstoff Aces High - original video on Youtube
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar om andre verdskrigen Kategori:Songar om luftfart Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Songar frå 1984 Kategori:EMI Records-singlar