Karl Johan Valdemar Rautio () var ein finsk friidrettsutøvar frå Vaasa som vart europameister i tresteghopp i 1946.
Aktiv Rautio gjorde sitt livs lengste tresteghopp på 15,48 meter i året 1945. I 1946 vann han trestegtevlinga under EM i friidrett 1946 i Oslo med eit hopp på 15,17 meter, to centimeter lengre enn Bertil Johnsson og 21 centimeter framom Arne Åhman, begge frå Sverige. Vinnarhoppet var det lengste i verda i 1946-sesongen. To år seinare, då Arne Åhman vart olympisk meister i tresteghopp under Sommar-OL 1948 i London, enda Rautio som sjettemann med sine 14,70 meter.
I Brussel under europameisterskapen 1950 vann Leonid Sjtsjerbakov trestegøvinga med 15,39 meter, Rautio tok sølvmedaljen med 14,96 meter som best. Under Sommar-OL 1952 heime i Finland hopp Rautio ikkje lengre enn 14,14 meter i kvalifiseringa, langt unna finaleplass.
Rautio, som vart finsk meister i tresteghopp i 1944, 1946, 1947 og 1950, døydde 52 år gammal i Nurmijärvi.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Valdemar Rautio» frå , den 22. august 2016.
World Athletics
Kategori:Finske tresteghopparar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952