Syndflod (frå lågtysk sintfluot, tysk Sündflut, 'veldig flaum' eller 'vedhaldande, sterk straum') kan visa til langvarig, sterkt regn, ein stor flaum eller til veldig oversvømmingar i mytologien, som Syndfloda i Bibelen.

Syndflodsoger er kjende frå Mesopotamia, som i Gilgamesj-eposet, der Utnapishtim overlever ein storflaum, soga om Devkalion i gresk mytologi, Bibelen og Koranen, som omtaler Noah og Noahs ark, Puranaene om Manu, Bergelme i norrøn mytologi og frå nord- og søramerikansk mytologi. I ei rekkje av desse overlever nokre menneske i båtar.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Flood myth» frå , den 19. august 2016.

Kategori:Flaumar Kategori:Syndfloder Kategori:Samanliknande mytologi Kategori:Ord frå lågtysk