Sally Janet Jane Gunnell () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Chigwell i Essex som internasjonalt deltok i hekkeløp. I åra 1992-94 vann ho både OL-, VM- og EM-gull i 400 meter hekk. Under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart setter ho ny verdsrekord med 52,74 sekundar.

Aktiv Gunnell vart samveldemeister på 110 meter hekk i 1986. Ho nådde semifinalen i øvinga både under VM 1987 og OL 1988. I Seoul-OL 1988 tok ho seg til finalen på 400 m hekk, der ho sette ny personleg rekord med 54,03 og vart nummer fem.

Frå 1991 til -94 låg Gunnell heilt i verdstoppen på langhekken. Gjennom 1991-sesongen forbetra ho den britiske rekorden til 53,78 sekundar i Monaco, deretter til 53,63 i Zürich, før ho under VM i Tokyo tok sølvmedaljen med tida 53,16, fem hundredels sekund bak sovjetiske Tatjana Ledovskaja. Under dei olympiske leikane i Barcelona tok Gunnell gullmedaljen etter 53,23 sekundar, og vann klart føre Sandra Farmer-Patrick. Året etter pressa Farmer-Patrick henne heilt til målstreken i VM-finalen og fekk notert tida 52,79, men Gunnell kom inn på 52,74 og ny verdsrekord.

Ved friidretts-EM 1994 vann Gunnell 400 m hekk med rekordstor sigersmargin, 1,45 sekund. Ho vart skadd under OL 1996 og la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Utslått i semifinalane på 110 m hekk OL 1988 i Seoul: Nr 5 på 400 m hekk– 54,03. Utslått i semifinalane på 110 m hekk EM 1990 i Split: Nr 6 på 400 m hekk – 55,45 VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 400 m hekk – 53,16, bakom Tatjana Ledovskaja OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje på 400 m hekk – 53,23, framom Sandra Farmer-Patrick (53,69). Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje på 400 m hekk – 52,74, framom Sandra Farmer-Patrick (52,79) EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje på 400 m hekk – 53,33, framom Silvia Rieger (54,68) OL 1996 i Atlanta: Braut semifinalen på 400 m hekk (nr 16)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sally Gunnell» frå , den 12. august 2016.

Wolrd Athletics

Kategori:Britiske hekkeløparar Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996