«Let Me Live» er ein song av Queen frå albumet Made in Heaven. Freddie Mercury, Roger Taylor og Brian May syng alle solovokal på songen, der Mercury syng første verset, Taylor syng andre verset og mellomspelet, og May syng siste verset. I refrenga syng alle tre, i lag med eit kor. Dette gjev songen ein gospelliknande stil som minnar om singelen «Somebody to Love» frå 1976. Singelen nådde niandeplassen på den britiske singellista.

Historie Freddie Mercury sa i eit intervju at denne songen opphavleg vart spelt inn med Rod Stewart i 1983. Det gjekk rykte om at songen var meint for Queen-albumet The Works i 1984. Ein del av teksten måtte endrast på grunn av opphavsrettproblem, på grunn av ei linje frå «Piece of My Heart». Dei første meksikanske og nederlandske trykka av albumet hadde med den originale versjonen.

Innhald CD-versjon

Alternativ versjon

Medverkande Queen Freddie Mercury - solovokal, piano Brian May - solo- og korvokal, elektrisk gitar, orgel Roger Taylor - solo- og korvokal, trommer, perkusjon John Deacon - bassgitar

Andre musikarar Rebecca Leigh-White - korvokal Gary Martin - korvokal Catherine Porter - korvokal Miriam Stockley - korvokal

Alternativ versjon Made in Heaven – The Film's Edit (0:29) (berre på DVD-en på 'Song Select'-skjermen)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Let Me Live» frå , den 30. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Gospel-songar