Svelthette (Mycena oligophylla) er ein særs liten hettesopp (hatt 0,7–2,3 mm på tvers) som veks djupt nede i tuver av knappsiv. Ho er so langt berre funnen på typestaden på Tjøme i Vestfold, der ho vart samla regelmessig i fleire år. Ho er funnen om hausten, ofte i lag med sivsokkelhette og stundom saman med lutvranghette.
Svelthette liknar påfallande mykje på vranghetter og kan lett takast for å vera ein art i denne slekta, men svelthette har derimot amyloide sporar.
Kjelder
Kategori:Hettesoppar