Henrik Christian Lie () var ein kontorist og politikar frå Røros. Han var stortingsmann 1910-12 for kjøpstadene i Nordland og partiet Frisinna Venstre.
Lie var son til ein oppsynsmann på Røros. I yngre år arbeidde han på kontoret til Rørosbanen og var telegrafist i Meråker. Frå 1881 arbeidde han på kontor i Trondheim, kontorfullmektig frå 1893. Han fekk seg i 1898 stilling som distriktskasserar i Narvik, bokhaldar i same byen frå 1911.
Lie var medlem i bystyret i Narvik frå 1901, også med i skulestyret i byen. Valperioden 1910-12 representerte han einmannskrinsen Bodø og Narvik på Stortinget, der han hadde plass i Jarnbanekomiteen. På tinget sokna han til Frisinna Venstre.
Han vart gravlagd i Oslo.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Haffner, Vilhelm: Stortinget og statsrådet : 1915-1945. B. 1 : Biografier : med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, side 33, Oslo 1949
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Folk frå Røros