Urbain Jean Joseph Le Verrier () var ein fransk matematikar som spesialiserte seg på celestmekanikk og er mest kjend for å ha delteke i oppdaginga av Neptun.
Leverrier vart i 1854 direktør for observatoriet i Paris, og er særleg kjent for sine omfattande arbeid over teorien for planetrørsle. Leverrier oppdaga ei forskyving av Merkur-perihelet (40" per 100 år) som først har fått forklaringa si gjennom den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein. Ut frå visse uregelmessige variasjonar i rørsla til Uranus kom han samstundes med, og uavhengig av engelskmannen J. C. Adams, fram til at dei måtte kome av tiltrekkinga av ein ukjent planet utanfor Uranus. Det var på grunnlag av utrekningane til Leverrier av stillinga til planeten at J.G. Galle fann planeten (Berlin 1846). Han fekk namnet Neptun.
Etter ein storm som i 1854 gjekk over Europa til Svartehavet, der store flåtestyrkar ved Krimhalvøya vart øydelagd, fekk Leverrier i oppdrag å undersøkje om storm kunne varslast. Han organiserte då det meteorologiske observasjonsnettet i Frankrike. Det vart eit mønster for andre land, mellom anna i Noreg. Synoptiske vêrkart vart gjeve ut av Leverrier frå 1863, tre år før dei første norske.
Heider Royal Astronomical Society sin gullmedalje – 1868 og 1876 Krater på månen og Mars, ein av ringane til Neptun og asteroiden 1997 Leverrier er alle namnsett etter han. Ein av dei 72 namna på Eiffeltårnet
Kjelder
Kategori:Folk frå Saint-Lô Kategori:Elevar ved École Polytechnique Kategori:Franske astronomar Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Elevar ved Lycée Louis-le-Grand Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Neptun Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Copleymedaljen Kategori:Oppdagarar av himmellekamar