Ivana Španović () er ein serbisk friidrettsutøvar frå Zrenjanin som internasjonalt deltek i lengdehopp, nasjonalt også i sjukamp. Ho vart europameister i lengdehopp i 2016 og 2022, verdsmeister i 2023 i Budapest der ho sette personbeste med 7,14 meter. Španović, som ei tid var gift Vuleta, har elles vunne to VM-bronsar og eitt EM-sølv i same øvinga og hoppa 7,24 meter innandørs.
Aktiv Španović markerte seg internasjonalt då ho vann lengdehopp i junior-VM 2008 i polske Bydgoszcz med resultatet 6,61 m. Året etter vann ho øvinga i Universiaden i Beograd med 6,64 m. Både under friidretts-EM 2010 og Sommar-OL 2012 kvalifiserte ho seg til finalen, utan at ho nådde opp mot sitt bestenivå i korkje meisterskapane.
I verdsmeisterskapen 2013 i Moskva sette Španović personleg rekord med 6,82 m og sikra seg dermed bronsemedaljen med eit lengre nestbestehopp enn Volja Sudarova frå Kviterussland. Året etter landa ho på 6,81 m under friidretts-EM, fire centimeter kortare enn den franske gullvinnaren Éloyse Lesueur, men langt føre nummer tre i tevlinga.
Under verdsmeisterskapen i Beijing i 2015 hoppa Španović for fyrste gong over sju meter. Ho tok leiinga i tevlinga i fyrste omgang med eit hopp som målte 7,01 m, ei lengde ho tangerte i siste omgangen. I tredje omgangen mista ho leiinga til Shara Proctor frå Storbritannia som då sette britisk rekord med 7,07 m. Før den sjette og siste omgangen låg førehandsfavoritten Tianna Bartoletta frå USA på fjerdeplassen, men ho smelte til med 7,14 meter og vann tevlinga. Seks dagar etter VM-finalen forbetra Španović den serbiske lengderekorden til 7,02 m under DL-stemnet i Zürich.
Španović vann gullmedaljen under EM i friidrett 2016 i Amsterdam. Vinnarhoppet målte 6,94 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa – nr 30 (6,30 m) EM 2010 i Barcelona: Nr 8 – 6,60 m EM 2012 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa – nr 15 (6,33 m) OL 2012 i London: Nr 11 – 6,35 m VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 6,82 m EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 6,81 m, bakom Éloyse Lesueur (6,85 m) VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 7,01 m EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 6,94 m, framom Jazmin Sawyers (6,86 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 7,08 m VM 2017 i London: Nr 4 – 6,96 m EM 2018 i Berlin: Nr 12 (6,84 m i kvalifiseringa) OL i 2021 i Tokyo: Nr 4 – 6,91 m VM 2022 i Eugene: Nr 7 – 6,84 m EM 2022 i München: Gullmedalje – 7,06 m, framom Malaika Mihambo (7,03 m) VM 2023 i Budapest: Gullmedalje – 7,14 m, framom Tara Davis-Woodhall (6,91 m) OL 2024 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (6,51 m=nr 16)
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Ivana Španović» frå , den 11. juli 2016. Denne artikkelen bygger på «Ivana Španović» frå , den 11. juli 2016.
Kategori:Serbiske friidrettsutøvarar Kategori:Lengdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Serbia Kategori:Europameistrar i friidrett for Serbia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Serbia