Theodor von Oppolzer () var ein austerriksk astronom og matematikar av bøhmisk opphav.E. Weiss, "Nekrolog über Theodor von Oppolzer", Astronomische Nachrichten, 1,6 (1887), 95-96.E.W., "Professor Theodor von Oppolzer", Monthly Notices of the Royal Astronomical Society, 47 (1887), 145-147.
Etter å ha teke den medisinske doktorgraden i 1864, vigde han seg heilt til astronomien. Han var professor i Wien frå 1875 og arbeidde særleg med utrekning av komet- og planetbanar. Dei viktigaste publikasjonane hans var Lehrbuch der Bahnbestimmung der Planeten und Kometen (1870 og 1880), og Canon der Finsternisse (1887), som inneheld elementa for alle sol- og måneformørkingar i tidsrommet 1205 f.Kr. til 2161 e.Kr.
Han var son av fysikaren Johann Ritter von Oppolzer.
Krateret Oppolzer på månen og asteroiden 1492 Oppolzer er namnsette etter han. I tillegg var asteroiden 237 Coelestina namnsett etter kona hans og 153 Hilda og 228 Agathe etter dei to døtrene hans.
Kjelder
Kategori:Austerrikske astronomar Kategori:Austerrikske matematikarar Kategori:Elevar ved Universitetet i Wien Kategori:Tilsette ved Universitetet i Wien Kategori:Tyske bøhmarar Kategori:Bøhmisk adel Kategori:Austerrikske riddarar Kategori:Folk frå Praha Kategori:Medlemmar av Leopoldina Kategori:Medlemmar av Det austerrikske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det bayerske vitskapsakademiet