Bernt Korslund () var ein norsk småbrukar og politikar frå Eidsvoll i Akershus. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i fire valperiodar mellom 1934 og 1957.

Korslund arbeidde heime på farsgarden, før han i 1908 byrja arbeide på ymse veg- og jarnbaneanlegg. Han overtok farsgarden i Eidsvoll allereie i 1911, men heldt fram som anleggsarbeidar i åra fram til 1915. Vintrane 1916-21 dreiv han skogsarbeid i tillegg til gardsdrifta, medan han i åra 1922-25 skøytte på gardsinntekta med anleggsarbeid.

I 1928 var Korslund med å stifte Morskogen skog- og landarbeiderforening og varr den fyrste formann i foreininga. Han var formann i Akershus landbruksselskap i perioden 1945-61.

Korlsund var med i formannskapet i Eidsvoll kommune frå 1922 til 1955, varaordførar i kommunen 1937-47. Han var stortingsrepresentant frå Akershus i tida 1934-45, vald for Arbeidarpartiet. Etter å ha vore ute ein valperiode kom han innatt på Stortinget frå varamannsplass i Akershus fylke i valperiodane 1950-53 og 1954-57. I begge periodane møtte han fast, ettersom den valde representanten Halvard Lange var utanriksminister samanhengande 1946-63. Korslund var i begge desse valperiodane, 1950-53 og 1954-57, medlem i Administrasjonskomiteen. Han var elles 1951-57 medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Eidsvoll Kategori:Ap-politikarar i Akershus Kategori:Folk frå Eidsvoll