Ole Iver Evjenth (), òg skrive Ole Ivar Evjent, var ein norsk lensmann og stortingsrepresentant.

Evjenth var son av sjømann Ivar Evjenth og Maren Tønnesen.Lindstøl, side 230 Han arbeidde som sorenskrivarkontorist nokre år før han vart lensmann i Skjerstad i 1814. Han hadde kome til Skjerstad i 1804, og budde på Ljønes først, så på Tapstad og endeleg Utvik frå han vart lensmann.Slektsbok for Skjerstad og Fauske, side 263 Han var først gift med LavaLindstøl skriv namnet «Sava» Nilsdatter frå Vefsn og sidan med Harovicha Birgithe Chrstensen frå Skjerstad.Slektsbok for Skjerstad og Fauske, side 466 Det var seks born i første ekteskap og sju born i andre.

Evjenth vart vald inn på Stortinget for Nordland amt første gong i 1818 og deretter i 1821 og 1839. Han døydde i nærleiken av Eidsvoll då han var på ferd for å møte i Stortinget 1839. Han var òg vararepresentant til Stortinget 1830–32 og 1836–38.

Referansar

Litteratur

Denne artikkelen bygger på «Ole Ivar Evjenth» frå , den 6. juli 2016.

Bakgrunnsstoff Ole Iver Evjenth Skjerstad Wiki

Kategori:Norske politifolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Folk frå Fauske Kategori:Folk frå Trondheim