Olaf Martin Kolsum ()Gravsøk hos DIS-Norge (14. oktober 2012) var ein norsk politikar for Venstre. Han var ordførar i Tromsø i periodane 1914-16, 1923-25 og 1933-34, og var stortingsrepresentant innvald for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark frå 1937 til 1945.
Etter at han hadde drive som bod i Trondheim og Bodø, kom han i 1898 til Tromsø, og starta kolonialforretning der året etter. Forretningen hans kom etter kvart til å omfatta blant anna AS Tromsø Skibsverft & Mekaniske Verkstad, Nordnorsk Importkompani AS, AS Provianteringen og Stokmarknes Mekaniske Verkstad. I tillegg til åra som ordførar var han medlem av Tromsø bystyre 1911-37 og varaordfører i fleire periodar. På Stortinget var han medlem i Kommunalkomiteen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olaf Kolsum» frå , den 5. juli 2016. oppgav desse kjeldene: Vilhelm Haffner: Stortinget og statsrådet 1915-1945 - Bind 1 Biografier. Oslo 1949 (s. 412-413, digitalisert av Nasjonalbiblioteket) E. Hoffstad: Hvem er hvem i næringslivet?- Merkantilt biografisk leksikon. Oslo 1939 (s. 506-507, digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Nordland, Troms og Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Ordførarar i Tromsø Kategori:Venstreordførarar i Troms Kategori:Folk frå Levanger