Pistolstjerna SIMBAD: Pistol Star er ei blå hyperkjempe og er ein av dei mest lyssterke stjernene ein kjenner til i Mjølkevegen. Ho er ein av dei mange massive, unge stjernene i Femlinghopen i den sentrale galakseregionen. Stjerna er kalla opp etter forma til Pistoltåka, som ho lyser opp. Stjerna ligg kring 25 000 lysår frå jorda i stjernebiletet Skytten. Ho ville ha vore synleg for det nakne auga som ei stjern med 4. storleiksklasse, om det ikkje var for interstellart støv som fullstendig skjuler ho frå synleg lys.

Pistolstjerna vart oppdaga av Hubbleteleskopet tidleg i 1990-åra. Ein trur at ho har kasta frå seg nesten ti solmassar med materie i enorme utbrot for 4 000 til 6 000 år sidan. Stjernevinden er over 10 milliardar sterkare enn solvinden. Ein kjenner ikkje til den nøyaktige alderen, men det er venta at ho vil ende livet som ein særs lysterk supernova eller hypernova i 1 til 3 millionar år.

Tidlege rapportar indikerte at ho kunne skine nesten 100 millionar sterkare enn sola, men seinare studiar har redusert dette estimatet og ho er kring ein tredjedel så lyssterk som dobbeltstjernesystemet Eta Carinae. Likevel stråler ho ut like mykje energi på 20 sekund, som sola gjer på eit heilt år.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pistol Star» frå , den 4. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Lyssterke blå variable Kategori:Skytten Kategori:hyperkjemper klasse B Kategori:Objekt mindre enn hundretusen lysår frå jorda