Arne Johansson Juland () var ein norsk lærar og politikar frå Lom. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet åra 1919-21.
Juland var son til ein gardbrukar. Han tok lærareksamen frå Elverum i 1900, og var deretter folkeskule- og framhaldskulelærar i heimbygda, før han skifta beite til Vågå i 1902, Elverum i 1904 og i Stange 1905-23, med unnatak for året 1907/08 då han atter var i Lom. I Stange kjøpte han eit gardsbruk og vart i tillegg gardbrukar. Han flytta i 1923 til Vang og var lærar der i 13 år, jamsides som han i same perioden var øvingslærar ved Hamar lærarskule. I 1936 vart han tilsett som skuledirektør i Hamar bispedøme, ei stilling han hadde fram til 1944.
Juland var medlem av heradsstyret i Stange frå 1910, ordførar 1922-23. Perioden 1909-18 var han kommunerevisor i Stange. Også i Vang vart han vald til ordførar, då for perioden 1928-31.
Juland var varamann til Stortinget 1913-15 frå Søndre Hedemarken krins. Valbolken 1919-21 var han same krinsen sin stortingsrepresentant, på tinget var han medlem i Landbrukskomiteen.
Under andre verdskrigen melde skuledirektør Juland seg inn i Nasjonal Samling. Ved landssvikoppgjeret i 1947 vart han dømd til seks månaders betinga fengsel og tap av borgarrettar.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Ordførarar i Stange Kategori:Ordførarar i Vang i Hedmark Kategori:Ap-ordførarar i Hedmark Kategori:NS-politikarar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Lom