Iver Andreas Rasmusson Ræstad () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Midsund. Han representerte Venstre på Stortinget i åra kring fyrste verdskrigen.
Ræstad var son til ein gardbrukar Otterøya i dåverande Aukra herad. Frå 1877 dreiv han kvar vinter fiskje i 35 år framover, styresmann i over 20 år. Åra 1919-34 var han oppsynsbetjent i fiskeria på Romsdalskysten. Han gjekk på amtsskulen i 1882 og -84. I 1886 kjøpte han farsgarden, til dess eit leiglendingsbruk, og dreiv sidan garden i lang tid.
Han var medlem av heradsstyret 1902-07, og hadde mange kommunale og private verv i Aukra. Etter Sør-Aukra herad var skilt ut, var han 1925-27 varaordførar i heradet.
Ræstad var varamann frå Romsdal krins ved stortinga 1910-12 og 1913-15. I 1912 møtte han på tinget i tida 2. mai-29. juni i staden for Ole Høstmark, medlem av Konstitusjonskomiteen. To år seinare var han med i Jarnbanekomiteen då han erstatta Birger Stuevold-Hansen. Valperioden 1916-18 var Ræstad Romsdal krins sin faste tingrepresentant. Han var då medlem i Konstitusjonskomiteen. I si tredje periode som varamann til Stortinget, 1919-21, møtte han i tre veker etter 1921-sesjonen var opna.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Romsdals amt Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Aukra Kategori:Lokalpolitikarar i Sør-Aukra Kategori:Venstrepolitikarar i Møre og Romsdal Kategori:Norske fiskarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Midsund