mini|Groombridge meridiansirkel frå 1806, Ein meridiansirkel er eit passasjeinstrument oppstilt i meridianen og utstyrt med nøyaktig avlesingssirkel for måling av høgda til ein himmellekam. Om ein kjenner polhøgda på observasjonstaden, kan ein avgjere koordinatane til stjernene (rektascensjon og deklinasjon) ved å avlese kulminasjonshøgdene og tidene for meridianpassasjane. Om ein kjenner koordinatane til ei stjerne, kan meridiansirkelen nyttast til tids- og polhøgdeavgjersler.
Den første meridiansirkelen vart konstruert av Ole Rømer i 1704. Moderne meridiansirklar er automatisert og knytt til datamaskinar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Gautier meridiansirkel
Kategori:Astrometri Kategori:Teleskop