«Mustapha» er ein song skriven av Freddie Mercury og spelt inn av det britiske rockebandet Queen. Det er den første låten på albumet Jazz frå 1978, kategorisert som ein «rask hebraisk rockelåt» av Circus Magazine.
«Mustapha» vart gjeven ut på singel i Tyskland, Spania, Jugoslavia og Bolivia i 1979. B-sida til singelen var «Dead On Time» i Tyskland og Spania, og «In Only Seven Days» i Jugoslavia og Bolivia. Alle dei fire versjonane hadde forskjellige omslag.http://queenvinyls.com/vinyls-2/prova/jazz-1978/
Teksten i songen inneheld både engelsk, arabisk og persisk og kanskje fleire oppdikta ord. Somme forståelege ord er «Mustapha», «Ibrahim» og setninga «Allah, Allah, Allah we'll pray for you», «salaam alaykum» og «alaykum salaam».
På somme konsertar song Mercury opninga av «Mustapha» i staden for den kompliserte introen til «Bohemian Rhapsody», og gjekk frå «Allah we'll pray for you» til «Mama, just killed a man...». Stundom spelte bandet nesten heile versjonen av songen, frå «Crazy-turneen» sent i 1979 til «The Game-turneen» i 1980, med Mercury på piano. Dei droppa det andre verset og gjekk frå det første refrenget til det tredje.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer, bjøller John Deacon - bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mustapha (Queen song)» frå , den 30. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar