«It's Late» er ein song skriven av Queen-gitaristen Brian May og framført av bandet i 1977 for albumet News of the World. Songen var ein idé May hadde om å ha lage ein tre aktar lang teatralsk song, der versa er «aktene». May spelar gitarsoloen med ein «tappe»-teknikk, fleire månader før Eddie Van Halen, gjorde det same på Van Halen. May sa til Guitar Player Magazinehttp://www.guitarplayer.com/article/queens-brian-may/jan-08/32483 Brian May Guitar Player Interview at han vart inspirert til å nytte denne teknikken av ein ukjend gitarist på ein bar i Texas. Teknikken var òg blitt nytta tidlegare av andre gitaristar, mellom anna Steve Hackett frå Genesis.
Teksten handlar om eit kjærleiksforhold som er i ferd med å slutte.
Songen vart gjeven ut som singel i USA i 1978 i ei forkorta utgåve, og nådde 72. plassen på Billboard-lista der. Songen vart seinare gjeven ut på samlealbumet Queen Rocks i 1997, og det vart produsert ein ny video med bilete av Las Vegas og prostituerte, innimellom konsertklipp av songen.
Songen vart nytta i dokumentarfilmen Kurt Cobain: About a Son i 2006.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «It's Late» frå , den 29. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen (from Queen Rocks)
Kategori:Queen-songar Kategori:Hardrockballadar Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar produserte av Mike «Clay» Stone Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Songar frå 1977