Erik Holtan () er ei norsk tidlegare fotball-målvakt, fødd i Moss.

Holtan debuterte i 1. divisjon/eliteserien med Kongsvinger IL i 1990 og spelte for klubben ut 1994-sesongen. Frå 1995 til 2005 vakta han målet til Odds Ballklubb. Han var i fleire sesongar kaptein på Odd, mellom anna då Odd vart norsk meister i 2000 etter siger over Viking FK, og då laget tapte cupfinalen 2002 mot Vålerenga. Etter å ha mista plassen som fyrste-målvakt i Odd til Rune Jarstein, spelte han 2006-sesongen på Moss FK. Ein skade i byrjinga av 2007 tvinga han til å leggje opp.

Holtan fekk Kniksenprisen som årets målvakt i 2002. I tida november 2002 til februar 2004 spelte han seks landskampar for Noreg, alle saman vennskapskampar.

Kjelder eu-football

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Odd Grenland-spelarar Kategori:Kongsvinger-spelarar Kategori:Moss-spelarar