Harald Selås () var ein norsk arbeidar og politikar frå Holt i Aust-Agder som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til 1969.
Selås var son til ein gardbrukar. Etter han tok examen artium i 1928, var han dei neste to åra vognkøyrar og arbeidar. Frå 1930 til -34 arbeidde han ved Rjukan salpeterfabrikk. Perioden 1934-36 livnærte han seg som forsikringsinspektør i Samvirke. Han arbeidde deretter i fire år ved Norsk Hydro på Rjukan. Forretningsførar i Rjukan Arbeiderblad 1946-47.
Selås var medlem i Tinn heradsstyre 1938-40. Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Telemark, og vart sidan attvald heile fem gongar. I den fyrste tingperioden, 1945-49, var han medlem i Sosialkomiteen. Frå 1950 til 30.9.1967 var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, dei to fyrste sesjonane (1950 og 1951) som sekretær. Dei to siste sesjonane som tingmann var han medlem av Industrikomiteen.
I 1951 vart Selås utnemnd til styreformann i Norsk Bergverk, A/S Grong gruver, A/S Rana gruver og A/S Skorovas gruver. Han gjekk av frå alle desse postane i 1956 og 1957.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Folk frå Tvedestrand Kategori:Folk frå Tinn