«Love of My Life» er ein ballade av det britiske rockebandet Queen frå albumet A Night at the Opera frå 1975. Songen vart skriven av Freddie Mercury om Mary Austin, som han hadde eit langvarig forhold til tidleg i 1970-åra.'A Night At The Opera' Queen. Henta 7. juli 2011 Etter å ha framført songen i Sør-Amerika i 1981, vart ein versjon frå konsertalbumet deira Live Killers gjeven ut på singel, og denne nådde toppen av singellista i Argentina og Brasil. Singelen låg inne på lista i Argentina i eit heilt år.Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock s.164. Voyageur Press. Henta 10. juni 2016

Freddie Mercury skreiv først songen på piano og gitar, og Brian May omarrangerte songen for akustisk 12-strengsgitar for konsertane deira. Songen er eit døme på Mercury sine rubato-fraseringar og synar at han er dugande på klassisk piano, og spelar i same stil som Chopin og Beethoven.

Under romreisa med romferja Columbia (STS-107), bad den israelske astronauten Ilan Ramon om å få spelt songen. Songen vart spelt i romferja og Ramon sa: «Ein spesiell god morgon til kona mi, Rona, mitt livs kjærleik.»CNN.com – Transcripts. Edition.cnn.com (24. juni 2003). Henta 2015-10-21. Ramon døydde i Columbia-ulukka kort tid etter då ferja vende attende til atmosfæren i 2003.

Konsertversjonar

Songen vart først spelt på News of the World-turneen i 1977 og vart ein så stor konsertfavoritt at Mercury ofte stoppa å syngje og let publikum få ta over. Han vart særleg godt motteken i Sør-Amerika og bandet valde derfor å gje ut ein versjon frå Live Killers som singel der.Love of My Life Allmusic. Henta 7. juli 2011

Etter Mercury døydde, dediserte Brian May ofte songen til han då han spelte songen på konsertane sine. Eit unntak var under innspelinga av Return of the Champions der May annonserte at mora til Mercury var til stades på konserten og dediserte songen til henne i staden. Under Queen + Paul Rodgers Tour, song May eit par linjer av songen, og let så publikum ta over for kvart vers, slik Mercury hadde gjort.

Singelversjonen frå 1979 Den akustiske versjonen av songen frå konsertalbumet Live Killers frå 1979 vart spelt inn på konserten deira i Festhalle Frankfurt den 2. februar det året. Ein forkorta versjon vart gjeven ut på singel i Storbritannia og andre land, men inneheld ikkje den talte introen frå albumet. Filmklippa frå musikkvideoen som følgde singelen var filma i Tokyo same året. Etter songen vart gjeven ut på singel i Sør-Amerika i 1981, gjekk han til tops i Argentina og Brasil, og låg inne på den argentinske singellista i eit heilt år.

Medverkande Freddie Mercury – solo- og korvokal, piano Brian May – akustisk og elektrisk gitar, harpe Roger Taylor – cymbal John Deacon – bassgitar

Andre versjonar Mange artistar har spelt versjonar av «Love of My Life» som: Scorpions Michael Burgess Extreme (med Brian May)Love Of My Life Ultimate Queen. Henta 7. juli 2011 Rose Marie Margareth Menezes Declan Galbraith Mark Slaughter Antonio Vega Lani Misalucha Norma Waterson John Owen-Jones Iris Serenity NoteOrious Elaine Paige på The Queen Album (1988) Kerry Ellis med Brian May på Anthems: The Tour (2011) og Friday Night is Music Night i april 2012 Joe McElderry på albumet Here's What I Believe Marti Webb på albumet Encore (1985)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love of My Life (Queen song)» frå , den 20. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, Live at The Bowl, Queen + Paul Rodgers (Live) Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Singlar frå 2007 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Balladar frå 1970-åra Kategori:Rockeballadar Kategori:Softrock-songar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Scorpions-songar Kategori:Elaine Paige-songar Kategori:Extreme-songar